Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Føresette

Her finn du praktisk informasjon om kvardagen på Langhaugen vgs.

Samarbeid skule-heim

Rettleiar- førebygging av radikalisering

Hordaland fylkeskommune har i samarbeid med Bergen kommune og RVTS Vest utarbeida ein rettleiar  for handtering av situasjonar der ein møter personar som står i fare for å bli radikalisert.

Fråvær

Eleven er pliktig å melde frå om fråvær same dag. Dette gjer ein ved å sende ei melding til kontaktlæraren på It's Learning, via e-post, eller sms dersom dette er avklart med læraren.

Om ein elev har meir enn 10% udokumentert fråvær i eit fag, vil hovudregelen vere at ein ikkje har rett til halvårsvurdering eller standpunktkarakter i faget. Dersom det udokumenterte fråværet er 10-15%, og årsaka til fråværet gjer det urimeleg ikkje å få karakter, kan rektor bestemme at eleven skal få karakter. Meir utfyllande informasjon finn du i lenka under.

Presiseringar fråværsreglar

 

 

Orden og åtferd

Langhaugen vgs følgjer Hordaland fylkeskommune sitt felles ordens- og åtferdsreglement for dei vidaregåande skulane i fylket.

Orden- og åtferdsreglement

 

_MWF9637.jpg

 

Vurdering

Er eleven under 18 år kan du som føresett få tilgang til vurderingane i dei enkelte faga i Skolearena.

Pålogging skolearena



Foreldremøte

I løpet av skuleåret arrangerer vi to møte for føresette. På desse vil du få generell informasjon om skulelivet på Langhaugen og også treffe kontaktlærar og andre faglærarar for klassen. Dette skuleåret fann møta stad onsdag 24. oktober 2018 (Vg1) og tysdag 12. februar 2019 (Vg1 og Vg2).

For Vg3 vart det arrangert eit orienteringsmøte måndag 18. mars 2019.

Presentasjon frå møtet