Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Eksamen

Om våren arrangerer vi ordinær eksamen for alle elevane. Om hausten arrangerer vi utsett, ny og særskild eksamen for elevar som har vore sjuke på ordinær eksamen eller ikkje har bestått faget.

Utsett, ny og særskild eksamen - haust

Dersom du har rett på utsett, ny eller særskilt eksamen på hausten må du sjølv melde til skulen at du ønskjer å ta eksamen.

Utsett eksamen

Dersom du har dokumentert gyldig fråvær, til dømes vore sjuk og har levert sjukemelding, har du rett til utsett eksamen i trekkfag. Då skal det trekkjast på nytt.

Utsett eksamen kan då bli i eit anna fag enn det du var trekt ut i opphavleg.

Ny eksamen

Dersom du får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har du rett til ny eksamen i same fag.

Særskilt eksamen

Dersom du får karakteren 1 i standpunkt har du rett til særskild eksamen i faget. Særskild eksamen gjeld ikkje for elevar med IV.

Ordinær eksamen - vår

Vg1

Ca 20% av elevane skal trekkjast ut til eksamen i eitt fag, skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk.

Vg2

Alle elevar skal trekkjast ut til eksamen i eitt fag, skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk.

Vg3

Alle elevar skal opp til obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål. I tillegg til obligatorisk eksamen i norsk hovudmål skal elevane trekkjast ut til:

Studiespesialisering: Elevane blir trekt ut til skriftleg eksamen i to fag og til ein munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen.  Totalt skal alle elevane på studiespesialiserande Vg3 ha fire eksamenar, ein munnleg og ein skriftleg.

Musikk og dans: Elevane har ein obligatorisk munnleg-eksamen i dans eller musikk. For musikk er eksamen i hovudinstrument - MUS3003 - Instrument, kor, samspel - obligatorisk. For dans er det eksamen i DAN - Scenisk dans 3 som er obligatorisk. I tillegg blir alle elevane trekt ut i to eksamenar i to fag, skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk.