Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vaksine mot smittsom hjernehinnebetennelse

ampoules-2045833_640.jpg

Den 11.12.2018 vedtok Fylkestinget at elevar i dei vidaregåande skulane i Hordaland fylke skal få gratis vaksine i 2019. Gratis meningokokkvaksine er eit førebyggjande helsetiltak som blir innført i 2019.

Gratistilbodet går til alle elevar både i fylkeskommunale og private vidaregåande skular. Tilbodet gjeld elevar på alle trinn som ikkje har tatt vaksinen før.  Ein ungdom som vaksinerer seg på Vg1 er beskytta i ca. 5 år, altså vil ungdomen også vere beskytta gjennom russetida. Gratistilbodet vil seinare år difor gå til elevar på Vg1.

Fylkesdirektør opplæring stiller seg bak tilrådinga frå Folkehelseinstituttet som oppmodar ungdom mellom 16 og 19 år å vurdere vaksinasjon. På sidene til Folkehelseinstituttet finn de viktig informasjon om både meningokokksjukdom, og vaksinering mot denne:

På Langhaugen blir det vaksinasjonsdag torsdag 7. februar.