Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ta Ordet! 2019 en talekonkurranse for Vg1

Ta Ordet salen.jpg

Gratulerer til dei sju taleføre finalistane og til skulevinnar Martin Løes!

Gjennom ein snedig språkleik, fagleg kløkt og treffande humor, synte du stor talekunst som vil kunne mane til endring. Me ynskjer deg all hell og lukke i Ta ordet!   

Ta ordet! er ein nasjonal talekonkurranse for alle elevar i vidaregåande, og Langhaugen gjennomførte i år denne for alle elevar på første trinn. Sidan skulestart har elevane laga, utvikla og framført kvar sin tale. Etter klassevis finalar fekk ein elev frå kvar klasse vere med i den store skulefinalen denne veka. Der fekk 200 medelevar høyre brennande engasjerte og velformulerte innlegg om sju ulike tema som alle gjorde sterkt inntrykk. Elevane stemte så fram skulevinnaren, som går vidare i talekonkurransen. 

Takk til alle finalistane for at de tok ordet og såleis gjorde noko av det viktigaste ein kan gjere i eit levande demokrati. Og takk til engasjerte og støttande medelevar. Vi ser fram til å høyre orda dykkar framover.

Ta Ordet alle.jpg

Alle finalistane framførte brennande engasjerte og velformulerte talar. Frå venstre: Martin Løes, Alva Lopez Heszlein-Lossius, Ida Sælen Holtås, Frida-Mathilde Willestofte, Vegard Velle Sivertsen, Amalie Fløysand Sivertsen og Marte Kåstad Hauge

Ta Ordet ML taler.jpg

Martin Løes tok utgangspunkt i si eiga historie når han argumenterte for kvifor eit samfunn med høg toleranse er eit samfunn med meir glede enn eit med låg toleranse.

Ta ordet FMW.jpg

“Ord påvirker” var tittel for talen til Frida-Mathilde Willestofte.

Ta ordet AL.jpg

Då Alva Lopez Heszlein-Lossius var 13 år reiste ho til Middelhavet og hjelpte båtflyktningar. Med dette som utgangspunkt, heldt ein sterk tale med tittelen “Flyktninger, fremtid og håp”

Ta Ordet MKH.jpg

“Sårbarhet er en styrke” var tittel for talen til Marte Kåstad Hauge.

Ta Ordet vinneren.jpg

Martin Løes fekk aller flest stemmer frå medelevane og går vidare som Langhaugen sin representant i den nasjonale talekonkurransen. Martin heldt ein engasjert tale om verdien av eit tolerant samfunn. Gratulerer, Martin!

Ta Ordet ML vinner.jpg

Martin Løes sin tale hadde tittelen “Er det ikke deilig å ha noen å hate?!”, som refererer til en Raga Rockers-låt frå 1996.

Ta Ordet salen.jpg

200 elevar samla i ein dansesal betyr høg stemningsfaktor! Heile Vg1-trinnet deltok som publikum på skulefinalen og heia fram alle finalistane frå første til siste tale.

Ta ordet! er ein nasjonal talekonkurranse for alle elevar i vidaregåande, og Langhaugen gjennomførte i år denne for alle elevar på første trinn. Gratulerer til dei sju taleføre finalistane og til skulevinnar Martin Løes! Gjennom ein snedig språkleik, fagleg kløkt og treffande humor, synte du stor talekunst som vil kunne mane til endring. Me ynskjer deg all hell og lukke i Ta ordet!