Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kom og bli kjent med oss!

aula-openday-article.JPG

Skal du søkje vidaregåande skule og er nysgjerrig på om Langhaugen er det rette for deg? Då kan du besøke oss på «Open dag» onsdag 6. februar kl. 09:30. Det er framleis mogeleg å melde seg på.

Få svar på alt du lurer på. Snakk med elevar og lærarar om korleis vi har det og du kan få det her på skulen. Vi startar dagen med underhaldning i aulaen. Her blir det både musikk, dans og sketsjar frå Langhaugen-revyen. Så får du informasjon om skulen sitt fagtilbod og aktivitetar og høve til å snakke med ulike engasjerte elevar som har stands. Og så kan du kjøpe deg eit kakestykke og ein bolle.

Dagen er ferdig kl. 12.00.

Velkomen skal du vere!