Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Morgonstund har graut i munn

Skolefrokost1

Alt tyder på at det utenkjelege er tenkjeleg. For kven skulle trudd at havregrauten framleis var moderne? Elevane på Langhaugen, tydelegvis!

Det starta roleg med eit trettitals påfallande vakne elevar som forsynte kroppane sine med eit morgonkick med energi. Praten gjekk dust rundt kantineborda med telys på, og etter kvart som tida tikka dukka fleire og fleire frukosthungrige opp. Da klokka klang til første time stod over 70 tomme tallerkar att, og Juana pusta letta ut. Det gjekk bra, og enda betre skal det gå. Ta turen innom neste gong, da vel.

Kvar tysdag og torsdag frå 07:45 til 08:20 serverer Juana havregraut, frukt, mjølk, kaffi og te i kantina.