Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ei yrkesfagleg utdanning. På Vg2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studiekompetanse.

Vi tilbyr

Laksevåg videregående skole har ein god tradisjon innan mekaniske fag. Vi har ein lærarstab med lang erfaring og brei kompetanse innan tekniske fag og  industrifag.

Vi kan også tilby eit godt sosialt miljø, og vi gjer det vi kan for at du som elev skal trivast hos oss.

På verkstadane våre får elevane utfalde seg praktisk. Vi har ei rekkje maskinar og utstyr som gir eit inntrykk av det som blir brukt i industrien i dag.

På Vg2 tilbyr vi:

  • Kjemiprosess
  • Industriteknologi
Les om tilrettelagt opplæring

Kvifor velje Teknikk og industriell produksjon?

På teknikk og industriell produksjon (TIP) vil du få ei opplæring som skal bidra til ei brei, teknisk fagplattform som blir etterspurt i mange bransjar. Du må kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du bør vere serviceorientert.

Utdanningsprogrammet TIP er inngangsporten til ei lang rekkje spennande yrke innan:

  • teknisk industri (som f.eks. CNC-operatør og motormekaniker)
  • offshore og oljebransjen
  • kjemisk prosess-industri
  • bilbransjen
  • møbelframstilling
Les meir om TIP på VILBLI.no Elevutveksling

Første året

5_a.jpg

Vg1 Teknikk og industriell produksjon

I løpet av skuleåret lærer du blant anna å meistre teknisk teikning, fres, dreiebenk, hydraulikk, pneumatikk, montasje, sveising og HMS/dokumentasjon.

Gjennom opplæringa skal du kunne utvikle praktiske ferdigheiter, fagleg innsikt, refleksjon og evna til kritisk vurdering.

Elevar på Vg1 kan i faga prosjekt til fordjuping velje:

  • Industrimekanikerfaget med motormekanikar, robotisering og CNC-maskinering
  • Plate- og sveisefaget med CNC skjering
  • Kjemiprosessfaget

Vi prøver også å tilrettelegge i andre lærefag, om det er ønskjeleg.

Læreplan TIP VG1

Andre året

bilde10.jpg

Kjemiprosess Vg 2

På Vg2 Kjemiprosess får du den praktiske og teoretiske opplæringa som du treng for å lære å styre eit kjemisk eller metallurgisk prosessanlegg. Du skal lære om korleis prosessapparata og anna utstyr er bygd opp og korleis dei verkar.

Anlegga blir styrt for ein stor del automatisk, og du må vite korleis dette blir gjort. Slike styrekretsar inneheld målarar og regulatorar, som du må kjenne til.

I anlegget blir det mellom anna brukt trykk, elektrisitet og varme. Du lærer også om kjemiske reaksjonar og fysiske forhold i prosessen.

Etter Vg2 Kjemiprosess og 2 år som lærling i bedrift får du fagbrev som fagoperatør i kjemisk prosessindustri og fagoperatør i metallurgiske prosessfag.

Aktuelle arbeidsstader: Med fagbrev kan du få arbeid innan kjemisk og petrokjemisk industri, kjemisk mineralindustri, metallurgisk industri, farmasøytisk industri og produksjon av olje og gass offshore.

Hos oss har 96,8 % av prosesselevane, som ønskjer det, fått læreplass sidan oppstarten av lina i 2000. Bedrifter som får flest lærlingar frå oss er Equinor, Elkem og Hydro.

Læreplan VG2 Kjemiprosess
5_d.jpg

Industriteknologi Vg 2

Industriteknologi er den breiaste av TIP-retningane – den leier til heile 23 moglege yrkesfag. 
Innanfor industriteknologifaga lærer du å skjere, kutte, sage, sveise, frese, stanse, lokke og forme etter arbeidsteikningar.

Du vil lære å støype og forme material etter skjereverktøy og overflatebehandle material etter føremål. Du får også jobbe med samanføyingsmetodar og korleis du kan handtere gassar og kjemikalier rett. Ikkje minst får du teste og sette saman enkle konstruksjonar ved hjelp av stål, lettmetall og nye materialtypar. 

Programområdet industriteknologi skal legge grunnlag for yrkesutøving innan mekaniske og teknisk industri, prosessindustri og grafisk produksjon. Denne typen industri er prega av kontinuerleg teknologisk utvikling med aukande grad av automatisering og datastyring av arbeidsprosessar.

Vi samarbeider tett med opplæringskontora om utplassering i faget Prosjekt til fordjuping og vidare ut i ein lærlingsituasjon.

Praksis

I løpet av Vg2 har elevane praksis i ei bedrift i 4 veker i 2. termin. Dette gjer det lettare å kople teori og praksis, og de får god arbeidserfaring.

Læreplan VG2 Industriteknologi

UT I LÆRE

Etter to år på skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Vil du vite meir om dette bruk lenkene under.

Søk læreplass Bli lærling

KONTAKTINFO

Avdelingsleiar
Profilbilde av Tore Gatland Kleppe

Tore Gatland Kleppe

Send e-post 55349874
Rådgjevar
Profilbilde av Helge Ove Halvorsen

Helge Ove Halvorsen

Send e-post 55349863