Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tilrettelagte grupper

Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Vi tilbyr

Laksevåg videregående skole tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper innan skulen sine utdanningsprogram.

Tilbodet på Grunnkompetanse (HT 8-10 elevar) er knytt opp til desse faga:

  • Bygg og anlegg
  • Teknikk og industriell produksjon

På Laksevåg har vi to klassar knytt opp til utdanningsprogrammet Bygg- og anleggsteknikk og ein klasse knytt opp til Teknikk og industriell produksjon.

Felles for klassane er at dei har fokus på sosial kompetanse og målet er at eleven skal verte lærekandidat. Ein lærekandidat har opplæringskontrakt med ein bedrift, med sikte på eit lågare nivå enn fag- eller svennebrev. Opplæringa vert avslutta med ein kompetanseprøve. Lærekandidaten får ein grunnkompetanse som kan byggjast vidare til yrkeskompetanse. 

Tilbodet på Arbeidstrening (HTA 4-6 elevar) og Kvardagslivstrening (HTH 3-4 elevar) er knytt opp til desse utdanningsprogramma:

  • Bygg og anlegg
  • Teknikk og industriell produksjon
  • Medier og kommunikasjon
  • Studiespesialiserande

Lurar du på om Laksevåg videregående skole har eit tilbod til deg, kontakt rådgjevar på ungdomsskulen, eller rådgjevar/avdelingsleiar hos oss.

Kvifor velje Laksevåg videregående skole?

Opplæringa blir organisert gjennom individuell opplæringsplan (IOP) for den enkelte elev.

Arbeidspraksis i vekstbedrift eller tilrettelagt arbeidsplass blir vurdert etter behov og nytte.

På Laksevåg vgs har vi 5 klassar med opplæring innanfor Arbeidstrening og Kvardagslivtrening. Målet med opplæringa er tilrettelagt arbeid eller aktivitetar i dagsenter.

I gruppe for arbeidstrening (4-6 elevar) legg vi særleg vekt på å førebu eleven til eit varig tilrettelagt arbeid etter vidaregåande skule.

I gruppe for kvardagslivstrening (3-4 elevar) blir det særleg lagd vekt på opplæring i basiskunnskap innan aktivitetar i dagleglivet.

Elevane blir undervist i fellesfag som kroppsøving, norsk, engelsk, matte og praktiske fag som Mat og helse og Kvardagslivtrening.

I prosjekt til fordjupning underviser vi i arbeidsrelaterte oppgåver som er nyttige i ein fremtidig jobb. Dette i tillegg til undervisning innanfor programområdet elevane har søkt seg inn i.

Informasjon frå Opplæringsavdelinga Vigo.no

Første året

Arbeidstrening_J.jpg

Tilrettelagte grupper

Teknikk og industriell produksjon

Vi jobbar mot grunnkompetanse innan kommunikasjon, sjølvstende og kunnskapar elevane treng for å kunne meistre oppgåver og aktivitetar i vekstbedrift og i framtidig livsmeistring.

Elevane utfører enkelt mekanisk arbeid for ei bedrift, og jobbar med maskinar der dei bruker begge hendene.

Vi vektlegg praktiske oppgåver for å trene opp finmotorikk, konsentrasjon, uthald, eigenaktivitet og sjølvstende. 

Arbeidstrening_f.jpg

Studiespesialiserende:

På særskilt tilrettelagt vekslar vi mellom turar knytt til bestemte tema og førebuingar/etterarbeid til desse.

Elevane blir kjend med byen vår, og naturen og friluftsområda i Bergen. Vi har fokus på historie i by og nærmiljø, by-geografisk og by-historisk kunnskap. Elevane får læring gjennom oppleving.

Uthald og motorisk trening får elevane på turar i by og i ulendt terreng. Dei får også busstrening og sosial trening.

Etterarbeidet består av munnleg og/eller skriftleg framstilling (språktrening/ skrivetrening). Vi lagar turloggar.

Arbeidstrening_B.jpg
Oversiktsbilde elever og ferdige lettvegger

Bygg og Anlegg: 

Felles for både Kvardagslivstrening- og Arbeidslivstreningsgruppa er at vi er delaktig i vedlikehald av skulen sine uteområder, klipper buskar, plantar frø, løk og liknande.

Ellers fokuserer vi på sosial kompetanse, sjølvstendetrening, uthald og andre ferdigheiter ein treng for å meistre eit fremtidig tilrettelagt arbeid eller dagsenter.

Kvardagstrening:

Her jobbar vi med enkelt monteringsarbeid, bruskassar, fuglekassar og kransar. I tillegg bruker vi nærmiljøet til innsamling av material og øver på sjølvstendig arbeid.

Arbeidstrening:

Her jobbar vi med enkle tømraroppgåver i arbeidshall og ute. Vi har på oss verneutstyr, bruker handverktøy og enkelt el-verktøy. Vi monterer hagemøblar, snikrar hundehus, plantekassar og rekkverk, samt påtar oss enkelt rivningsarbeid.

Medier og kommunikasjon:

Vi jobbar mot grunnkompetanse innan kommunikasjon, sjølvstende og ferdigheiter ein treng for å kunne meistre oppgåver og aktivitetar i vekstbedrift og i framtidig livsmeistring.

I mediefaga arbeider vi med foto, film og musikk i samsvar med læreplanane i mediefaget. 

Vi vektlegg ulike praktiske oppgåver for å trene opp finmotorikk, konsentrasjon, uthald, eigenaktivitet og sjølvstende.

Korleis søkjer jeg?

Ordninga krev at eleven har enkeltvedtak om spesialundervisning. Du kan søke via nettsida vigo.no og må i tillegg fylle ut eit søknadsskjema. Les meir om dette på hordaland.no

Søknadsfrist er 1. februar for å kome med i ordinært opptak.

Du kan kontakte rådgjevar på ungdomsskulen for å få hjelp til å søke. Eller du kan kontakte Opplæringsavdelinga direkte ved spørsmål om tilbod og søking.

kontakt

Kontakt skulen på tlf.: 55 34 98 50