Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Påbygging til generell studiekompetanse

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse på Vg3. Du kan søke både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg undersøke om skulen tilbyr fag som gir spesiell studiekompetanse.

Vi tilbyr


I påbygningsklassene møter ein elevar frå fleire ulike utdanningsprogram. Mange kjem fra to år på yrkesfag,
mens andre har hatt pause frå skule nokre år. Atter andre har vore lærling og tatt fagbrev.

På Laksevåg vgs kan du søkje deg til ein eigen klasse med litt færre timar om du har bestått fagbrev.

Dette mangfoldet av ulike ressursar og evner gjer klassane til ein spanande og kreativt stad å vera.
Her er det mykje læring, mykje teori, mykje lekser og mykje god stemning.

Kvifor påbygging?


Har du gått eit yrkesfaglig program, men funne ut at du vil studere vidare på høgskule eller universitet?
Er studiekompetanse målet ditt? Då bør du søkje påbygging til generell studiekompetanse.

For opptak til visse studier vert det krevd spesiell studiekompetanse med fordjupning i matematikk eller andre realfag.

Vilbli.no

Første året

_DSC8738.jpg
7_a.jpg

Vg3 Påbygging

Faga på Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse er krevjande, og elevar som søkjer påbyggingsåret må være motivert for mykje teori. For å oppnå generell studiekompetanse, og dermed komme inn på høgskular eller universitet, er det ein forutsetning at faga frå påbygg er bestått. Du bør ha gode karakterar frå fellesfaga på Vg1 og Vg2 som grunnlag for å gjennomføre dette året. Er du motivert og klar for å arbeide godt med faga? Då er påbygg det rette for deg.

Før du startar på Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse må du ha fullført eit av desse tre alternativa:

  • Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
  • Vg1 studieforberedande og Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
  •  yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev

Kva er allmenn påbygging?

Generell studiekompetanse er "inngangsbillett" til høgare utdanning ved høgskular og universitet. Etter Vg3 kan du derfor søke dei aller fleste utdanningar ved høgskular og universitet, innan dei fleste fagområder.

Allmennfagleg påbygging er eittårig påbygging til ein generell studiekompetanse. Etterpå blir du kvalifisert for vidare studier på høgskule eller universitet. Tidlegare har du hatt mest yrkesfaglige fag, så for å oppnå studiekompetanse må du «fylle på» med dei allmennfagene du ikkje hadde på yrkesfag. Vi har motiverte lærarar med lang erfaring og rådgjevarar som gode støttespelarar. Er du motivert og klar for å arbeide, kjem året til å gå greit.

vegen vidare

Påbyggingsåret gir deg moglegheit til å studere vidare på høgskular og universitet.

Samordna opptak

kontaktinfo