Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søkjer læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Elektrofag kan bli utgangspunkt for ein spennande og allsidig yrkeskarriere.

På elektrofag må du kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du bør vere serviceorientert. Logisk tenkemåte og kreativitet er også viktig.

Utdanningsprogrammet på Laksevåg omfattar:

Kvifor elektrofag?

Vårt daglege liv er avhengig av at elektriske system fungerer.

Vi treng solide system som leverer elektrisk energi både til kommunikasjon og maskinar  både heime og på på jobb.

Først når det ikkje fungerer merker vi kor hjelpelause og avhengige vi er av elektriske system. Industriproduksjonen stoppar opp, tog stoppar og sjukehus må over på reserveløysingar.

Derfor treng vi kvalifiserte fagfolk som installerer og vedlikeheld elektroniske system.

Les meir om elektrofag på vilbli.no

Første året

EL_b.jpg

Vg1 Elektrofag

Elektrofag er utdanningsprogrammet for deg som kan tenke deg å jobbe innanfor elektrisitetsforsyning, installasjon, automatisering eller data- og elektronikkbransjen. Desse yrka krev at du er nøyaktig, sikker og systematisk. Du bør også ha ei viss evne til å tenke logisk og vere praktisk anlagt.

Hos oss får du både praktisk og teoretisk undervisning.

Innanfor den teoretiske delen er matematikk eit viktig støttefag. Praktisk prosjektarbeid er ei viktig undervisningsform, og den praktiske undervisninga blir gjennomført i eigne elektroverkstader.

Du lærer grunnleggande bruk av verktøy og instrument og å tolke teikningar, instruksjonar og reglar. HMS (Helse/Miljø/Sikkerheit), samarbeid og ansvar er også viktige element i undervisninga.

Vg1 Elektrofag består av tre felles programfag:

  • Automatiseringssystem
  • Elenergisystem
  • Data- og elektronikksystem

I tillegg har vi faget yrkesfagleg fordjuping (YFF) der vi jobbar med tema som er relevante for programområda våre.

Læreplan Vg1

Andre året

EL 14-15 (9).JPG

Vg2 Elenergi

Med Vg2 El-energi i "ryggsekken" kan du velje mellom åtte ulike fagbrev - alt frå elektrikar til heismontør.

Undervisninga er lagt opp som jobbar, på same måte som på Vg1, men på Vg2 monterer vi meir samansette anlegg og skaffar oss utfyllande kunnskapar om desse.

Eksamen frå Vg2 gir deg anledning til å søke læreplass i ei bedrift slik at du kan ta fagbrev. Vegen mot fagbrev etter Vg2 tar vanlegvis 2,5 år.

Har du derimot lyst på enda mer utfordring anbefaler vi deg å søke Vg3 Påbygging for å oppnå generell studiekompetanse, som gjer at du kan studere ved høgskular og universitet.

Læreplan Elenergi 2

Vegen vidare

Etter to år på skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Vil du vite meir om dette bruk lenkene under.

Søk læreplass Bli lærling

KONTAKTINFO