Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Laksevåg videregående skole ønskjer å gi deg ein brei inngang til bygg- og anleggsfaga og gi eit godt grunnlag for vidare val av utdanning og yrke.

Programfaga skal gi deg grunnleggande ferdigheiter i bygg- og anleggsteknikk og fremje arbeidsglede, gode arbeidsvanar og evne til samarbeid.

I yrkesfagleg fordjuping vil du få prøve ut ulike yrkesfag, slik at du kan finne ut kva du ønskjer å utdanne deg til.

Les om tilrettelagt opplæring

Kvifor bygg- og anleggsteknikk?

Er du eleven som gjerne vil jobbe praktisk? Bruke hendene dine til å skape noko? Drøymer du om å bli røyrleggjar, tømrar,malar, murar, anleggsmaskinførar, blekkslagar eller snikkar?

Laksevåg videregående skole har breidde og fagleg tyngde i dei fleste handverksfaga.

Her legg du grunnlaget du må ha for å ta praktisk opplæring i ei bedrift. Er du motivert, uthaldande og i brukbar fysisk form – og samarbeider greit med andre? Då bør du sjekke ut tilboda på Bygg- og anleggsteknikk.

Les meir om faget på vilbli.no

Første året

1_D.jpg

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

Vg1 er felles for alle som går på Bygg- og anleggsteknikk.

Mykje praksis blir vektlagd. Elevane får kjennskap til 20 ulike byggfag. Alle vel å fordjupe seg i eit fag og får prøve dette faget i ei bedrift.

På Bygg- og anleggsteknikk får alle elevar praktiske og varierte arbeidsoppgåver, og delar av undervisninga kan bli lagt til byggeplassar.

Vi har fire Vg1 klassar pluss 2 tilrettelagte klassar.

Organisering av opplæringa

På Vg1 Bygg- og anleggsteknikk får du grunnleggande opplæring og moglegheit til å prøve ut ulike sider av bygg- og anleggsyrka. Dette skjer gjennom fleire ulike modular.

I andre halvår vel du fordjupingsmodular og får dermed fordjupe deg i lærefag som interesserer deg mest. Denne opplæringa skjer i bedrift. Ein stor del av opplæringa er praktisk retta etter PPD-modellen. Det vil seie at du planlegg eit arbeid, produserer (utfører) det du har planlagt, og dokumenterer det du har gjort.

I mange tilfeller jobber du tverrfagleg, t.d. kan dokumentasjonen du skriv godt foregå i norsktimane.

Læreplan Vg1

Andre året

1_a.jpg

Vg2 Byggteknikk

På Vg2 Byggteknikk får du opplæring innan fire fagområder:

  • Stillasfaget
  • Betongfaget
  • Murarfaget
  • Tømrarfaget

I "yrkesfagleg fordjuping" velger du å fordjupe deg i eit av fagområda. Skulen har eit godt samarbeid med næringslivet. Delar av den praktiske undervisninga blir lagt til byggeplassar.

Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar.

Undervisninga vekslar mellom teori, praksis, og bruk av IKT i tråd med moderne læringsprinsipper.

Studieretninga har utstrakt samarbeid med næringslivet, og elevane på Vg2 får opplæring i bedrift i yrkesfagleg fordjuping.

Alle som viser interesse for byggfag og har lite fråvær får læreplass.

Læreplan Vg2

vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite meir om dette, kan du sjekke ut lenkene under.

Bli lærling Søk læreplass

kontaktinfo