Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Velkommen til skulebiblioteket

Biblioteket ligg i underetasjen i A-bygget, og fungerer også som ekspedisjon for bygninga. Opningstidene er: Måndag - Torsdag 08:00 - 15:30, Fredag 08:00 - 15:00 Ta deg ein tur innom; Her kan du spørje om alt. Her kan du også få plaster, Paracet og bind, låne kalkulator og PC og bruke skrivar/kopimaskin

Om biblioteket

På biblioteket kan du gjere lekser, drive gruppearbeid, lese bøker, tidsskrift og aviser. Her finn du fagstoff og kjelder til oppgåver og prosjektarbeid.

Bibliotekaren anbefaler litteratur, hjelper deg å finne fram og kan rettleie deg i å søke i ulike databaser og på internett.

Hugs å ta med lånekort!

 

Vi har ei strømmeteneste for kort- og dokumentarfilm.

Logg inn på Filmbib

Biblioteket skal vere ein god stad for læring, arbeid og avkobling. Hald stemmebruken på eit behageleg nivå, ta hensyn til oss andre.

Biblioteket er eit sosialt rom, og det er lov å prate, sove, ete, spele spel, surfe på nettet eller høyre på musikk her – så lenge du respekterer andre, lar dei få arbeidsro og held orden.

Finn ut korleis du kan låne e-bøker og nedlastbare lydbøker. 

Følg denne brukarrettleiinga:

 

bibliotek.jpg

Lånereglar

Det er eigne reglar for lærebøker: Lånekontrakt lærebøker

Du treng lånekort for å låne bøker og anna materiale frå biblioteket. Nasjonalt lånekort får du på biblioteket ved å vise fram legitimasjon.

Alt materiale som blir tatt med ut av biblioteket må registrerast!

Lånetida:
4 veker for bøker og 7 dagar for filmar.

Oppslagsverk og handbøker er berre til bruk i biblioteket.

Reservering

Utlånte bøker kan reserverast. Du får beskjed når utlånt material blir tilgjengelig for deg.

Fornye lån (gjeld ikkje lærebøker)

Dersom ingen står på venteliste, kan du fornye låna dine. Dette kan du anten gjera sjølv i Mappa mi , per SMS (send BIB FORNY etterfulgt av nasjonalt lånernummer til 2242 for å fornye. Tenesta koster 2 kr per melding) eller du kan vende deg direkte til bibliotekaren.

Erstatning

Du er sjølv ansvarleg for materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast. Etter 2. purring uten reaksjon frå deg, blir det sendt rekning etter gjeldende erstatningssatsar.

Digitale ressursar

På nettet finn vi nærmast ubegrensa mengder informasjon. Det er ei utfordring å finne fram til relevant informasjon, sidan mange sider er utdatert, useriøse eller rett og slett feil. Lenkene under skal hjelpe deg å finne den rette informasjonen i internettet sin jungel og samtidig hjelpe deg med kritisk tenking.

Om du ønskjer rettleiing i bruk av digitale ressursar, ta kontakt med skulebibliotekaren. Eg hjelper deg etter beste evne til ei kvar tid.

Jobb.jpg

Fordjupingsoppgåve i norsk VG3

I norsk skal du i Vg3 skrive ei oppgåve kring ei problemstilling med tema frå faget.

Du vel sjølv kva del av norskfaget du vil ta utgangspunkt i. Du kan velje eit språkleg, eller språkhistorisk tema, litteratur, litteraturhistorie osb.

Skulebibliotekaren vår