Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

OM SKULEN

Laksevåg videregående skole er ein skule med eit stort mangfald, både når det gjeld menneske og fag. Verdiane våre er å opptre ansvarleg, tydeleg, opent og med respekt. Vi ønskjer deg velkomen til Laksevåg videregående skole - her vil du trivast.

Ein skule i samspel

Skulen vår

Med eit godt utrusta bibliotek og ein studieverkstad der du kan fordjupe deg i ulike fagfelt, ligg forholda til rette for god læring.

Elevane har fine samlingsstadar både i aula og kantine. Desse vert brukt både i sosiale og faglege samanhengar.

Som elev hos oss blir du ein del av eit samansveisa og godt elevmiljø der du blir sett og gitt gode mogelegheiter.

Har du spørsmål når det gjeld det praktiske eller det faglege, er du velkomen til å kontakte oss.

Vi tar også med glede imot både ungdomar og føresette for omvising og samtalar heile året.

 

Aula A bygg.jpg
B_Bygget_vår.JPG
B-bygget

Lokalitetar

Laksevåg videregående skole har to bygningar. I A-bygget finn du biblioteket og klasserom til påbygg og lærlingar. Her treffer du også helsesøster og skolepsykologen.

I B-bygget finn du hovudadministrasjon med blant andre rektor, yrkesfag avdelingane og ikkje minst kantina.

Skulens leiing

Rektor
Profilbilde av Tove Føsund

Tove Føsund

Send e-post 55349860

Avdelingsleiarar

Avdelingsleiar Elektrofag og Teknikk & industriell produksjon
Profilbilde av Tore Gatland Kleppe

Tore Gatland Kleppe

Send e-post 55349874
Avdelingsleiar Bygg- og anleggsfag
Profilbilde av Ingvar Jarle Nilssen

Ingvar Jarle Nilssen

Send e-post 55349875
Avdelingsleiar for Særskilt tilrettelagt
Profilbilde av Wenche Raknes

Wenche Raknes

Send e-post 55349862

Kontortenesta

Hovudadministrasjonen ved Laksevåg videregående skole finn du i B-bygget.

Sentralbordet på skulen er ope måndag til fredag kl. 08:00 - 15:30.

Telefon: 55 34 98 50

Her tar dei seg mellom anna av elevbevis, karakterutskrifter, vitnemål og busskort.

Ved behov for drosje til/frå skulen

Om du treng drosje til og frå skulen på grunn av sjukdom eller skade, må du ta kontakt med kontoret innan klokken 11:00 dagen før bestillinga skal tre i kraft. Skulen må ha dokumentasjon  frå lege/psykolog. Denne skal innehalde diagnose, transportbehov (beskriving av at det er behov for drosje) og tidsrom for behovet.Skjemaet for legeerklæring finn de på skyss sine sider. Her finn de rette skjemaet, det ligg i høgre kolonne under skjema.

Ved skade på veg til/frå skulen

Har du skada deg på veg til eller frå skulen, eller i skuletida, må du melde frå til kontoret slik at det blir fylt ut skademelding. 

Elevar er forsikra for personskade, men tap og skade på materiell blir dekka av den enkelte si innbuforsikring.

Vegen til oss

Skulen ligg sentralt plassert på Laksevåg ved foten av Lyderhorn. Vi ligg berre fem minutters køyring frå sentrum og har gode bussforbindelsar i alle retningar.

Vi har eiga skulerute 49 om morgonen frå Bergen vest. Legg spesielt merke til at bussen frå Håkonshella/Mathopen no startar frå Alvøen kai.

Frå sentrum går bussane 16 og 17 via Laksevåg.

Alle bussar i retning Sotra, Loddefjord og Askøy stoppar ved Lyngbøveien 555 (stoppet ved Damsgårdtunnelen). Herfrå er det 5 - 10 minutter å gå til skulen.

Her finn du oss på kartet

Adresse

                                                                                           Besøksadresse: ›Laksevåg videregående skole ›Gravdalsrinden 47 ›5164 Laksevåg

                                                                                     Postadresse: ›Laksevåg videregående skole ›Postboks 24, Ytre Laksevåg ›5848 Bergen