Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse og miljø

Helse og miljø er der for deg som er elev ved Laksevåg videregående skole. Du kan be om hjelp uansett grunn – fagleg, trivselsmessig, medisinsk, personleg eller om du av andre grunnar kjenner behov for nokon å snakke med og som tar seg tid for å lytte. Alle i elevtenesta har teieplikt.

SKuLEHELSETENESTA

Du finn oss i underetasjen på allmennbygget (A-bygget), over gangen frå biblioteket.

Helsesøster og Psykolog

Helsesyster

Eva Ericson er tilstades kvar tysdag, onsdag og torsdag i oddetals veker.

Gunn Karin Løvås Hagen er tilstades kvar måndag, samt torsdag i partals veker.

Besøkstid mellom kl. 9:00 - 14:00. Sjå oppslag på døra vår eller på kontora i A- og B-bygg.

Skolepsykolog

Christine Svanevik er til stades på skulen dei tre første tysdagane i månaden, onsdag i partals veker og kvar torsdag. For time hos henne, kontakt rådgjevar eller helsesyster.

Eva og elev.jpg

Velkomen til helsesyster

Treng du nokon å snakke med? Vi har teieplikt.

Det du snakker om blir mellom oss.

Men det fins nokre unntak. Dersom du fortel oss noko som vi meiner er til fare for liv og helse – til dømes sjølvmordsfare, kan vi vere nødt til å varsle foreldre eller andre instansar.

Besøk hos skolehelsetenesta gir ikkje fråvær.

Helsesyster samarbeider - med eleven sitt samtykke - med foreldre / foresatte, lærarar, rådgjevarar, lege, psykolog, fysioterapeut, barnevern, PPT osb.

Aktuelle tema kan vere: ›Alkohol, tobakk, stoff ›Du er trist eller lei ›Spørsmål som gjeld helsa di ›Søvnproblem ›Seksualitet og prevensjon ›Kosthald ›Og alt anna som opptar deg

Kvifor gruble åleine når vi kan gruble saman. Ta kontakt.

OT OG PPT

Dersom du ønskjer kontakt med OT eller PPT kan du ta kontakt via rådgjevar eller på telefon.

OT og PPT sine representantar på LAV er:

  • Kristine Hildegard Ulvatne, PPT - nord
  • Ida Kristiansen Byrkjedal, PPT - nord
  • Tyra Hesseberg, O

RÅDGJEVARTENESTER

Lurar du på kva du vil bli?
Tenkjer du på fremtida?
Utdanning og yrke? 
Har du eit konkret problem på skulen eller heime? 
Eller treng du berre nokon å snakke med?

Rådgjevarane er her for deg!