Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Eleven skal alltid stå i sentrum ved Laksevåg videregående skole. Her skal du få rettleiing og hjelp slik at skoledagen din blir best mogeleg og du oppnår størst mogleg læringsutbytte.

Rådgjevar

Rådgjevarane gir yrkesrettleiing og råd om val av studieretning, line og om skulegang etter vidaregåande skule. Dei gir også råd og hjelp til elevar som har personlege og sosiale problem. Rådgjevarane har teieplikt. Ta kontakt!

Rådgjevarane

Skolebibliotek

Vi ønskjer å bidra til at du får det beste utgangspunktet for læring. Vi har lagt store ressursar i biblioteket, som er ein god og verdifull læringsarena.

Biblioteket er ope kvar dag frå kl. 08:00 - 15:30.

Elevråd med engasjement

Vi har eit aktivt elevråd som er engasjert og tar del i avgjerder som angår både det faglege, det sosiale og skolemiljøet generelt. Det gode samarbeidet mellom skulen og elevrådet gjer at du som elev blir høyrt i både store og små saker. Vi er opptatt av saman å bidra til ein bra skulekvardag for alle.

Elevrådstyre:

Elevrådsleiar: Marius Samsonsen

Nestleiar: Silje Bjørnstad Steen

Styremedlem:  Benjamin A. N. Aamot, Helene Bekkenes, Kristian Grønås, Markus Matre, Julianne E. N. Ness, Marion Ristesund, Johamnnes Teodor Sønstabø.

studieverksted.jpg

Studieverkstad

Tilbodet ved studieverkstaden ved Laksevåg videregående skole er retta mot  elevar som har behov for tilpassa opplæring utover det som blir gitt i klassen.

Det er også meint for elevar som er kome kortare eller lengre enn klassen, og har behov for oppfølging innan emner/kompetansemål i eit fag.

Her tilbyr vi opplæring i grupper over eit kortare eller lenger tidsrom, samt kurs i  læringsstrategiar, studieteknikk, eksamenstrening, skrivekurs og mykje meir.

Opplæringa foregår i flotte lokaler ved skolen sitt bibliotek.

Vi fokuserer alltid på moglegheit, ikkje hindringar, og har stort rom for kreative løysningar.

IKT.jpg

IKT-tenesta

Treng du  hjelp med PC, virus, nettverk eller programvare kan du spørre skolen sitt IKT-personell.

IKT-avdelingen held til i 2. etasje i A-bygget og yt brukarstøtte for både elevar og lærarar. Vi hjelper til med alt frå passordbytte, trådlaus gjestetilgang, skademelding av PC og rettleiing i ulik programvare.

IT-konsulent
Profilbilde av Chris Rene Lea Paulsen

Chris Rene Lea Paulsen

Send e-post
kantinen.jpg

Kantine

Skulen sin kantine finn du i B-bygget, rett til venstre etter hovudinngangen.

Kantina er open kvar dag fra 07:45 til 13:25.

Det vert servert gratis frukost fra 07:45-08:05.

Måndag til fredag kan du få varm lunsj til ein rimeleg pris.

Det er mogeleg å betale med Vipps.

Elev- og lærlingombodet i Hordaland

Sigrid Isdal er elev- og lærlingombod i Hordaland fylkeskommune og jobbar for at du som er elev eller lærling skal få rettferdig behandling.

Lurer du på noko som gjeld skulekvardagen din? Er du usikker på kva som er innanfor? Kva som er greitt og kva som er ugreitt når du er lærling? Får du opplæringa du har rett på? Opplever du at noko er urettferdig? 

Dette og meir kan du snakke med Sigrid om. Ho passer på rettane dine og informerer deg om ansvaret ditt. Ho har teieplikt! 

Meir informasjon på www.hordaland.no/elev-og-larlingombod. Du finn ho også på Snap (Elombud) og på Facebook (Elev- og lærlingombodet i Hordaland).

Profilbilde av Sigrid Isdal

Sigrid Isdal

Send e-post 40403145