Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
Vg1 er felles for alle som går på Bygg- og anleggsteknikk.
Mykje praksis blir vektlagd. Elevane får kjennskap til 20 ulike byggfag. Alle vel å fordjupe seg i eit fag og får prøve dette faget i ei bedrift.
På Bygg- og anleggsteknikk får alle elevar praktiske og varierte arbeidsoppgåver, og delar av undervisninga kan bli lagt til byggeplassar.
Vi har fire Vg1 klassar.
Organisering av opplæringa
På Vg1 Bygg- og anleggsteknikk får du grunnleggande opplæring og moglegheit til å prøve ut ulike sider av bygg- og anleggsyrka. Dette skjer gjennom fleire ulike modular.
I andre halvår vel du fordjupingsmodular og får dermed fordjupe deg i lærefag som interesserer deg mest. Denne opplæringa skjer i bedrift. Ein stor del av opplæringa er praktisk retta etter PPD-modellen. Det vil seie at du planlegg eit arbeid, produserer (utfører) det du har planlagt, og dokumenterer det du har gjort.
I mange tilfelle jobbar du tverrfagleg, t.d. kan dokumentasjonen du skriv godt foregå i norsktimane.