Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknologi- og industrifag

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. På Vg2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studiekompetanse.

Vi tilbyr

Laksevåg og Bergen maritime videregående skole har ein god tradisjon innan mekaniske fag. Vi har ein lærarstab med lang erfaring og brei kompetanse innan tekniske fag og  industrifag.

Vi kan også tilby eit godt sosialt miljø, og vi gjer det vi kan for at du som elev skal trivast hos oss.

På verkstadane våre får elevane utfalde seg praktisk. Vi har ei rekkje maskinar og utstyr som gir eit inntrykk av det som blir brukt i industrien i dag.

På Vg2 tilbyr vi:

  • Kjemiprosess
  • Brønnteknikk
  • Maritime fag

Kvifor velje teknikk og industriell produksjon?

På teknikk og industriell produksjon (TIP) vil du få ei opplæring som skal bidra til ei brei, teknisk fagplattform som blir etterspurt i mange bransjar. Du må kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du bør vere serviceorientert.

Utdanningsprogrammet TIP er inngangsporten til ei lang rekkje spennande yrke innan:

  • teknisk industri (som f.eks. CNC-operatør og motormekaniker)
  • møbelframstilling
  • bilbransjen
  • kjemisk prosess-industri
  • offshore og oljebransjen
  • brønnteknikker
  • matros
  • motormann

Første året

5_a.jpg

Vg1 Teknikk og industriell produksjon

I løpet av skuleåret lærer du blant anna å meistre teknisk teikning, fres, dreiebenk, hydraulikk, pneumatikk, montasje, sveising og HMS/dokumentasjon.

Gjennom opplæringa skal du kunne utvikle praktiske ferdigheiter, fagleg innsikt, refleksjon og evna til kritisk vurdering.

Elevar på Vg1 kan i yrkesfagleg fordjuping velje:

  • Industrimekanikerfaget
  • Plate- og sveisefaget med CNC skjering
  • Kjemiprosessfaget
  • Matrosfaget

 

Vi prøver også å tilrettelegge i andre lærefag, om det er ønskjeleg.

Læreplan TIP VG1

Andre året

bilde10.jpg

Kjemiprosess Vg 2

På Vg2 Kjemiprosess får du den praktiske og teoretiske opplæringa som du treng for å lære å styre eit kjemisk eller metallurgisk prosessanlegg. Du skal lære om korleis prosessapparata og anna utstyr er bygd opp og korleis dei verkar.

Anlegga blir styrt for ein stor del automatisk, og du må vite korleis dette blir gjort. Slike styrekretsar inneheld målarar og regulatorar, som du må kjenne til.

I anlegget blir det mellom anna brukt trykk, elektrisitet og varme. Du lærer også om kjemiske reaksjonar og fysiske forhold i prosessen.

Etter Vg2 Kjemiprosess og 2 år som lærling i bedrift får du fagbrev som fagoperatør i kjemisk prosessindustri og fagoperatør i metallurgiske prosessfag.

Aktuelle arbeidsstader: Med fagbrev kan du få arbeid innan kjemisk og petrokjemisk industri, kjemisk mineralindustri, metallurgisk industri, farmasøytisk industri og produksjon av olje og gass offshore.

Hos oss har 96,8 % av prosesselevane, som ønskjer det, fått læreplass sidan oppstarten av lina i 2000. Bedrifter som får flest lærlingar frå oss er Equinor, Elkem og Hydro.

_DSC0182 2.JPG

Vg2 Maritim fagretning  

Utdanninga skal bidra til å utvikle dyktige medarbeidarar med høg kompetanse innan drift av skip. Moglegheitene er mange- blant anna innan offshore og supply, fraktefartøy innanriks og utanriks, samt cruiseskip.  

Noreg og det internasjonale markedet er avhengige av driftssikre velfungerande fartøy med avansert teknologi og automatiserte prosessar. Programområdet for maritime fag skal leggje grunnlaget for yrkesutøving om bord på skip og flytande installasjonar. 

Faga krev auka bevisstheit innan HMS, både om bord og i land. Erfaring og kunnskap innan faget gjer deg verdifull og ettertrakta i arbeidsmarknaden. 

Skulen tilbyr eit eittårig utdanningsprogram, Vg2 maritime fag. Programområdet er delt i ein fellesdel og ein fordjupingsdel for matros og motormann. Utdanninga blir etterfølgd av ein læreplassperiode i bedrift om bord på skip, og fører fram til fagbrev for Matros og/eller Motormann. 

Merk deg at du må skaffe helseattest for å mønstre på skip. Det er mellom anna nødvendig å ha godt syn og godt fargesyn.

VG2 Brønnteknikk.jpg

Vg2 Brønnteknikk 

Ei utdanning innan brønnteknikk gir deg mange moglegheiter til ein spennande og utfordrande jobb- både offshore og på land. 

Brønnteknikk er utgangspunktet for aktivitetar i olje- og gassverksemda. Dette er ein av dei viktigaste arenaane i Noreg for teknologiutvikling. Det er også ei av våre største eksportnæringar. 

Etter eksamen kan du søke lærlingplass og sidan få fagbrev.

Kontaktinfo

Avdelingsleiar Teknologi- og industrifag
Profilbilde av  Geir Jakobsen
Geir Jakobsen