Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektro og datateknologi

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søkjer læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Elektro og datateknologi kan bli utgangspunkt for ein spennande og allsidig yrkeskarriere.

Her må du kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du bør vere serviceorientert. Logisk tenkemåte og kreativitet er også viktig.

Utdanningsprogrammet på Laksevåg og Bergen maritime videregående skole  omfattar:

Søk skuleplass Bli lærling

Kvifor elektro og datateknologi?

Vårt daglege liv er avhengig av at elektriske system fungerer.

Vi treng solide system som leverer elektrisk energi både til kommunikasjon og maskinar  både heime og på på jobb.

Først når det ikkje fungerer merker vi kor hjelpelause og avhengige vi er av elektriske system. Industriproduksjonen stoppar opp, tog stoppar og sjukehus må over på reserveløysingar.

Derfor treng vi kvalifiserte fagfolk som installerer og vedlikeheld elektroniske system.

Les meir om elektro og datateknologi på Vilbli.no Les meir om elektro og datateknologi på Utdanning .no

Første året

EL_b.jpg

Vg1 Elektro og datateknologi

Elektro og datateknologi er utdanningsprogrammet for deg som kan tenke deg å jobbe innanfor elektrisitetsforsyning, installasjon, automatisering eller data- og elektronikkbransjen. Desse yrka krev at du er nøyaktig, sikker og systematisk. Du bør også ha ei viss evne til å tenke logisk og vere praktisk anlagt.

Hos oss får du både praktisk og teoretisk undervisning.

Innanfor den teoretiske delen er matematikk eit viktig støttefag. Praktisk prosjektarbeid er ei viktig undervisningsform, og den praktiske undervisninga blir gjennomført i eigne elektroverkstader.

Du lærer grunnleggande bruk av verktøy og instrument og å tolke teikningar, instruksjonar og reglar. HMS (Helse/Miljø/Sikkerheit), samarbeid og ansvar er også viktige element i undervisninga.

I tillegg har vi faget yrkesfagleg fordjuping (YFF) der vi jobbar med tema som er relevante for programområda våre.

Andre året

Vg2 elenergi.jpeg

Vg2 Elenergi

Undervisinga gir kompetanse som dekker behov innan helsevesen, næringsliv, bustadinnstallasjonar, skipsfart, samferdsel, kraftproduksjon og industri.

Du vil lære om installasjon, vedlikehald og kontroll av ulike system og utstyr.

Etter eksamen kan du søke læreplass og sidan ta fagbrev.

Vg2 automatisering.jpg

Vg2 Automatisering

Eit vidt spekter av spennande jobbar står i kø for ein som har utdanning i automatiseringsfag. Innan dei fleste ledd i prosessbedrifter og industri er det stort behov for ein dyktig automatikar.

Undervisinga skal utvikle og sikre høg kompetanse innan automatiserte system i olje- og gassindustrien, prosess- og verkstadindustrien og annan næringsverksemd. 

Etter eksamen kan du søke lærlingplass og sidan ta fagbrev.

Tredje året

Vg3_2.jpg

Vg3 Automatisering 

Som automatikar kan du få jobb i prosessindustri, mekanisk industri, olje- og gassindustrien og i bedrifter som byggjer, reparerer og vedlikeheld automatiserte prosessystem og maskinar. 

Automatiseringsfaget omfattar drift, vedlikehald og montasje av automatiserte system. Dette er system som blir nytta til kontroll, styring og regulering av automatiserte produksjonsprosessar og elektromekaniske system.

VG3 mar el.jpg

Vg3 Maritim elektrikar  

Dette er ei 5-årig utdanning. Etter Vg2 Elenergi må ein søke seg inn på Vg3 Maritim elektrikar. Dette faget finst kun på nokre få skular i landet. Etter fullført Vg3 Maritim elektrikar kan du søke læreplass i  Maritim elektrikarfaget. Det blir 2 år i lære på eit skip. Dei som vil inn i Sjøforsvaret, søker direkte til Sjøforsvaret etter Vg3 Maritim elektrikar. Etter fullført læretid kan ein søke om sertifikat som skipselektrikaroffiser.

KONTAKTINFO

Avdelingsleiar Elektro og datateknologi
Profilbilde av  Roald Meidell
Roald Meidell