Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar kan blant anna hjelpe deg med:

Skulehelsetenesta er eit tilbod du kan oppsøke ved behov. Dette er ei gratis, lett tilgjengeleg drop-in teneste på skulen. Helsesjukepleiar tilbyr samtalar, rettleiing, resept, vaksinering, oppfølging og ved behov vidare tilvising til skulepsykolog.

Ta kontakt med helsesjukepleiar:

 Vibecke Øyjordsbakken Anderssen

 Tlf: 40909465

 Til stede : onsdag og torsdag

Den lettaste måten å kontakte helsesjukepleiar på er via SMS/Its.learning. Eller drop-in.

Vibecke Øyjordsbakken Anderssen har kontor i fjerde etasje, rom 408.



Rådgjevarar

Lurar du på kva du vil bli? Tenker du på framtida? Utdanning og yrke? Har du vanskar på skulen eller heime? Eller treng du nokon å snakke med?
Kontakt med rådgjevar kan vere aktuelt viss du synest noko er vanskeleg på skulen, viss du ønskjer hjelp til formidling av kontakt med helse-/sosialvesen, skulepsykolog, logoped eller NAV.
Rådgjevarane har teieplikt og vil berre formidle opplysningar vidare etter avtale med elev/føresette om det skulle vere aktuelt.

Våre rådgjevarar: 

Helge Ove Halvorsen – Kontor på bygget på Laksevåg. Helge.Ove.Halvorsen@vlfk.no

Marie Høyvik – Kontor i 4.etg på hovedbygget.
Marie.Hoyvik@vlfk.no

Hege Olin Ommedal – Kontor i 4.etg på hovedbygget. Hege.Olin.Ommedal@vlfk.no

Elevrådet

Elevrådet tar del i beslutninger som angår både det faglige, det sosiale og skolemiljøet generelt. Et godt samarbeid mellom skolen og elevrådet gjør at du som elev blir hørt i både store og små saker. Vi er opptatt av å bidra sammen til en bra skolehverdag for alle.

 

Elev- og lærlingeombodet

Sigrid Isdal og Venke Nordeide er elev- og lærlingombod i Vestland fylkeskommune og jobbar for at du som er elev eller lærling skal få rettferdig behandling.

Lurer du på noko som gjeld skulekvardagen din? Er du usikker på kva som er innanfor? Kva som er greitt og kva som er ugreitt når du er lærling? Får du opplæringa du har rett på? Opplever du at noko er urettferdig? 

Dette og meir kan du snakke med Sigrid eller Venke om. Dei passer på rettane dine og informerer deg om ansvaret ditt. Dei har teieplikt! 

Meir informasjon finn du på Vestland fylkeskommune si nettside. Du finn dei også på Snap (Elombud) og på Facebook (Elev- og lærlingombodet i Vestland).