LÅNEREGLAR
Det er eigne reglar for lærebøker: Lånekontrakt lærebøker
Du treng lånekort for å låne bøker og anna materiale frå biblioteket. Nasjonalt lånekort får du på biblioteket ved å vise fram legitimasjon.
Alt materiale som blir tatt med ut av biblioteket må registrerast!
Lånetida:
4 veker for bøker og 7 dagar for filmar.
Oppslagsverk og handbøker er berre til bruk i biblioteket.
Reservering
Utlånte bøker kan reserverast. Du får beskjed når utlånt material blir tilgjengelig for deg.
Fornye lån (gjeld ikkje lærebøker)
Dersom ingen står på venteliste, kan du fornye låna dine. Dette kan du anten gjera sjølv i Mappa mi , per SMS (send BIB FORNY etterfulgt av nasjonalt lånernummer til 2242 for å fornye. Tenesta koster 2 kr per melding) eller du kan vende deg direkte til bibliotekaren.
Erstatning
Du er sjølv ansvarleg for materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må erstattast. Etter 2. purring uten reaksjon frå deg, blir det sendt rekning etter gjeldende erstatningssatsar.