Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.
For deg med mangelfulle kunnskapar i norsk, har vi tilbod om innføringsklasse. Du nyttar deg difor ikkje av opplæringsretten. Dette skal styrke motivasjonen til å gjennomføre innføringsklassen før du søkjer ordinær vidaregåande opplæring.
For å søkje må du være fylt 16 år, og ha grunnopplæring frå heimlandet som svarer til norsk grunnskule.
Når du har tatt kurset, som i stor grad fokuserer på norsk, kan du søkje Vg1 året etter.
Du kan søkje plass på internettsida vigo.no. Brukarnamn og passord får du i MinID.
Om du har mista MinID kan du ringe 800 30 300 eller sende e-post til brukerstotte@difi.no for å få ny.
Har du ikkje MinID, kan du sende søknad direkte til Opplæringsavdelinga.
Søk innføringskurs Meir informasjonKontakt oss