Vg1 er felles for alle som tar Bygg- og anleggsteknikk.
Mykje praksis vert vektlagt. Elevane får kjennskap til mange ulike byggfag. Alle vel å fordjupe seg i eit fag og får prøve dette faget i ei bedrift/ praksis.
På Bygg- og anleggsteknikk får alle elevar praktiske og varierte arbeidsoppgåver.
Organisering av opplæringa
På Vg1 Bygg- og anleggsteknikk får du grunnleggande opplæring og høve til å prøve ut ulike sider av bygg- og anleggsyrka. Dette skjer gjennom fleire ulike moduler. Ein stor del av opplæringa er praktisk retta. Det vil sei at du planlegger eit arbeid, produserer (utfører) det du har planlagt, og dokumenterer det du har gjort.