Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Den gode oppgåva: Tips, hjelp og rettleiing

Viss du som elev har lyst til å fordjupe deg i verktøy for oppgåveskriving, kan du sjå på denne sida.

Informasjonskompetanse

Gjennom heile skulegangen, frå barneskule til høgare utdanning, skal ein vere informasjonskompetent. Viss ein til dømes skal ha eit prosjektarbeid eller ein heimeeksamen, skal ein meistre ulike arbeidsverktøy.

La oss seie at ein har ein heimeeksamen som krev drøfting og problemstilling. Då bør ein vere sjølvhjulpen i katalogsøking som til dømes bruk av Bibsys eller folkebiblioteket sin katalog.
Ein bør og kunne vite korleis ein søkjer opp riktig stoff frå internett. Men å kunne bruke digitale verktøy er ikkje nok i seg sjølv; ein bør kunne vite korleis ein bruker den informasjonen ein har funne. Å bruke den informasjonen ein har funne på riktig måte, kan og innebere at ein meistrar oppgåveskriving og utforming av problemstilling.

Kort forklart:

  • Beherske digitale verktøy, til dømes bibliotekkatalogar og internettsøk.
  • Søkje opp riktig informasjon, til dømes å vite kva slags nettsider som er feilaktige eller kvalitetssikra.
  • Vite korleis ein bruker informasjonen, til dømes å lage ei skuleoppgåve med problemstilling, som er basert på det ein faktisk har funne av informasjon.
  • Hjelp og rettleiing

Ute etter kvalitetssikra nettsider til di oppgåve?

Biblioteksvar.no er svarteneste på nett som skal hjelpe folk med riktig informasjonssøk. Mykje av det som er på internett er feilaktig, og derfor skal Biblioteksvar og Detektor hjelpe folk med å finne kvalitetssikra nettsider dei kan bruke til kanskje ei skuleoppgåve.

Korleis du sjølv finn ut om nettsida er bedragersk eller påliteleg. Informasjonskompetanse inneber at ein sjølv veit kva nettsider ein kan stole på eller ikkje. Medietilsynet har utgjeve ei kortfatta og poengtert oversikt over dette.

Fordjuping til korleis lage ei god oppgåve. NTNU har ei optimal oversikt over korleis du kan utvikle din informasjonskompetanse og lage ei problemstillingsoppgåve.