Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Miljøfyrtårn

Skulen er sertifisert eller er i prosess med å bli sertifisert  som Miljøfyrtårn. Det vil seie at skulen er ein av om lag 5 000 andre verksemder i Noreg som ynskjer å vere eit fyrtårn for miljø og klima. Ved denne sertifiseringa må skulen oppfylle 62 krav som omfattar internkontroll HMS, arbeidsmiljø, innkjøp og materialbruk, energibruk, transport, avfall, utslipp og estetikk.  

Som elev ved dei offentlege vidaregåande skulane må du kjeldesortere avfallet ditt og delta i skulen sine miljøaktiviteter. Dei offentlege skulane i Hordaland er flinkare enn dei private når det gjeld miljøarbeid og nyttar to sertifiseringar; Miljøfyrtårn og Grønt Flagg.

Det som er så flott med miljøsertifisering er at du kan vere trygg på at det litle du gjer, gjer ein forskjell. Det er fordi systemet omfattar alle. Om til dømes elevane og dei tilsette i Hordaland fylkeskommune kjedesorterer 1 kg avfall kvar, blir det til saman 23 tonn kjedesortert avfall. Avfall som har blitt til ein ressurs i staden eit avfallsproblem!

Hordaland fylkeskommune har sidan 1.1.2014 innført systematisk miljøstyring. Dei gode resultata dette førte til i 2014 til kan du lese om i den årlege miljørapporten. Her finn du også eit rekneark med alle miljøtala for din skule! Kor mange A4 ark trykte dei opp per elev og tilsett i fjor? Kva var kjeldesorteringsprosenten? Kor mykje reiste dei med bil og fly? Og vart det betring frå fjor?

Har du lyst til å bidra til lågare klimagassutslepp og eit betre miljø? Ein av dei tilsette ved skulen er miljøansvarleg. Kontakt kontoret for å få vite kven det er, om du ynskjer å bidra i miljøarbeidet. Eller ta initiativ gjennom elevrådet.

miljøsertifisering.jpg