Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Infoside korona

På denne sida finn du oppdatert informasjon om skule og aktuelle tiltak  som vedkjem korona-pandemien.

 7. mai: Opning av skulane

Frå og med måndag 11. mai vert skulane i Noreg opp for at meir av undervisinga kan vera på skulen.
På Udir si nettsider er det lagt ut oppdaterte reglar og rettleiing som gjeld for skulane under koronautbrotet. Desse er vesentlege for å ivareta eit godt smittevern på skulen.
Det er viktig at både elevar og foreldre/føresette er kjend med desse retningslinene .

Link: Regler og veiledning for skoler under koronautbruddet

24. april: LOKAL RETTLEIING: SMITTEVERN VED KVINNHERAD VIDAREGÅANDE SKULE
Ved Kvv har vi utarbeida ein lokal rettleiar for smittevern bassert på UDIR sin rettleiar for skulane. Den lokale rettleiaren skal vera utgangspunktet for korleis vi skal ivareta smittevernet no når undervisninga gradvis skal starte opp att i veke 18. Rektor ber om at alle som skal ha undervisning og/eller skal vera på skulen i tida framover set seg inn i rettleiinga. Det kan òg vera greitt for elevane sine foreldre/føresette å kjenna til innhaldet.  

Link: SMITTEVERN VED KVINNHERAD VIDAREGÅANDE SKULE

21. april: 

Kunnskaps- og integreringsminister, Guri Melby, informerte i ettermiddag på regjeringas pressekonferanse at munnleg, munnleg-praktisk og tverrfagleg eksamen vert avlyst.
Fokus framover blir såleis å sikre eit best mogleg vurderingsgrunnlag fram mot sommarferien.

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/sporsmal-og-svar-om-avlysning-av-muntlig-muntlig-praktisk-og-praktisk-eleveksamen/id2698493/

7. april: Gradvis opning av barnehagar, skuler, fagskuler, høgskular og universitet
Regjeringa bestemte 7. april at delar av skulane i landet kan opnast frå og med 27. april.
For vidaregåande opplæring gjeld dette for elvar på VG3 som følger yrkesfaglig løp i skole og yrkesfagelever på VG2.

Link: Gradvis opning av barnehagar, skuler, fagskuler, høgskular og universitet

 30.mars: Infoskriv til foreldre og føresette for elevar ved Kvinnherad vgs.

Infoskriv til foreldre og førsette om eksamen, stadpunktkarakter, nettyndervisning og fråvære, vitnemål og støttetiltak for elevane.  
Du finn skrivet her: Infoskriv til foreldre og føresette

30. mars: Infoside for Vestland fylke
Oppdatert info om korona-pandemien, som er relevant for innbyggarar og tilsette i Vestland.
Link: Siste nytt om koronasituasjonen i Vestland

30. mars: Koronainformasjon på fleire språk (VLFK)
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og Nasjonalt senter for flerkluturell opplæring (NAFO) har på sine sider samla informasjon om korona på fleire språk
Meir info her: Koronainformasjon på fleire språk