Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fagtilbod på Valekrossen

Skulen har følgjande tilbod

Tilrettelagte forkurs (dersom det er nok søkjarar)

I matematikk, engelsk og / eller norsk til elevar som ønskjer å styrke sin ”kvardagskompetanse”, eventuelt som oppfrisking av gamal kunnskap og førebuing til eit vidaregåande løp.

Vidaregåande opplæring

1. Ønskjer du ein yrkesfagleg utdanning kan du ta fellesfaga hos oss. Yrkesfaga og prosjekt til fordjuping må du ta anten på Kvinnherad vidaregåande skule eller på ein annan vidaregåande skule.

2. Er målet ditt studiespesialiserande kan du ta fellesfaga pluss påbygg hos oss. Programfaga, utover dei som er nemd under dette punktet, og prosjekt til fordjuping må du ta anten på Kvinnherad vidaregåande skule, ein annan vidaregåande skule eller som privatist. Faga: Visuelle kunstfag (formgjeving) og spansk, samt geografi vert tilbode som programfag avhengig av søkjarmassen.

3. Er du minst 23 år i søknadsåret og ha 5 års arbeidspraksis og / eller vidare utdanning kan du oppnå generell studiekompetanse gjennom å ta dei 7 obligatoriske fellesfaga*: Norsk, engelsk, samfunnsfag, nyare historie, matematikk , naturfag og kroppsøving, samt påbygg i norsk, naturfag, matematikk, historie og kroppsøving. Elevar som ikkje skal har karakter kan følgje einskildfag når/ dersom vi har ledig kapasitet, m.a. i musikk og visuelle kunstfag.

4. Du kan og ta enkeltfag og oppnå såkalla grunnkompetanse.
Meistring / motivasjonsfag: Musikk, foto, data, spansk og visuelle kunstfag (formgjeving).

Meir om elevinntak