Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fagbrev

Har du lang yrkeserfaring og ønskjer å skaffe deg fagbrev? Med fagbrev vil du bli meir attraktiv på arbeidsmarknaden.

 Eit fagbrev vil oftast bety tryggare tilsetjingsforhold og høgre løn. Å ha status som 
faglært har høg prestisje i arbeidslivet.

 Som vaksen kan du melde seg opp til praktisk fagprøve dersom du

  •  har 5 års allsidig og relevant praksis i full stilling i faget.
  •  har tent opp praksisen i løpet av dei siste 10 – 15 åra.
  •  har hatt eit stillingsomfang på minimum 50 prosent stilling.
  • kan dokumentere at du har bestått teorien i programfaga (tidlegare: studieretningsfag) på Vg1 (vidaregåande trinn 1) og Vg2 (vidaregåande trinn 2).
  •  kan dokumentere prosjekt til fordjuping på Vg1 og Vg2.

Oversikt over utdanningsprogram som fører fram til fagbrev, finn du på www.vilbli.no

Oppmelding til fagprøve

Oppmelding til fagprøve skjer til fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune. Det er fagopplæringskontoret som vurderer og godkjenner praksis. Frist for oppmelding til praktisk fagprøve er 15. september og 15. mars.

På realkompetansesenteret får du rettleiing, informasjon om praksiskandidatordninga og du kan ta kontakt for avtale. 

Fag må dokumenterast med eksamen.  Dette kan t.d. skje ved at du som vaksen melder deg som privatist i fag.  

Privatist

Oppmelding til privatisteksamen skjer elektronisk til privatistkontoret ved Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Frist for oppmelding er15. september for eksamen i desember og 15. januar for eksamen i juni.