Elevinntak Valekrossen
Søknadsfristen til hovudopptak er 1. februar, men vi tek og opp elevar elles i skuleåret, dersom vi har ledig kapasitet.
Tildeling av skuleplass skjer etter følgjande prioritering.
- Søkjarar med ungdomsrett, dvs. ungdom i aldersgruppa 16 til 25 år som ikkje tidlegare har fullført fullverdig vidaregåande opplæring
- Søkjarar med vaksenrett som ikkje tidlegare har fullført vidaregåande opplæring.
- Andre søkjarar utan rett som har behov for/ nytte av opplæring ved skulen.
Elevar mellom 16 til 25 år blir prioritert i inntaket. Skulen tek imidlertid òg inn søkjarar over 25 år som ønskjer å fullføre vidaregåande opplæring, eller nytta seg av våre andre tilbod.
Elevane skal søkje på vigo.no og i tillegg sende digitalt skjema med vedlegg på hfk.no, innan 1. februar.
Ta kontakt med skulen for meir informasjon om søknadsrutinar. Skulen kan også ta inn elevar elles i året, dersom det er ledig kapasitet. Søkjarane må ha med uttale frå behandlar som vedlegg til søknaden.
Søknaden sendes direkte til skulen: Kvinnherad vidaregåande skule, avd. Valekrossen skule, Sjukehusvegen, 5451 Valen.