Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Her finn du informasjon om kontoret, IKT-hjelp, elevinspektør og rådgjevar, elevråd, helsetenesta, kantine  og bibliotek.

Kontoret

MWF4247.jpg

På kontoret treff du Berit, som kan hjelpe deg med det alle meste. Ho er å treffe så lenge skulen er open.

Sekretær, skranke
Profilbilde av Berit Helvik

Berit Helvik

Send e-post

 

Elevinspektør og rådgjevar

Elevinspektør Anne Britt kan hjelpe deg med di velferd i løpet av skuleåret,  og arbeider tett saman med rådgjevarane. Elevinspektør driv mange miljøretta hjelpetiltak ved skulen og har ansvar for oppfølging av elevane og elevrådet.

  • Måndag: Kl. 08.30 - 11.30
  • Onsdag: Kl.  08.00 - 15.00
  • Torsdag: Kl. 08.00 - 15.00

Rådgjevar Wenche kan hjelpe deg med utdanningrettleiing, yrkesrettleiing og sosialpedagogiske oppgåver.

  • Måndag: Kl. 09.00 - 15.00 
  • Onsdag: Kl.  08.00 - 09.30 
  • Torsdag: Kl. 09.11 - 11.00 

Rådgjevar Karen  kan hjelpe deg med utdanningrettleiing, yrkesrettleiing og sosialpedagogiske oppgåver.

  • Måndag: Kl. 08.30 - 11.30
  • Tysdag:  Kl. 10.00 - 11.30 
  • Onsdag: Kl.  08.00 - 09.30 og 12.30 - 15.00
  • Torsdag: Kl. 10.00 - 11.30 

 

Handlingsplan for oppfølging av eleven sitt psykososiale læringsmiljø for KVV

Vi er her for deg

Elevrettleiar
Profilbilde av Anne Britt Bjelland

Anne Britt Bjelland

Send e-post
Rådgjevar
Profilbilde av Wenche Bjelland Holmedal

Wenche Bjelland Holmedal

Send e-post
Rådgjevar
Profilbilde av Karen Elisabeth Bogsnes

Karen Elisabeth Bogsnes

Send e-post
MWF4098.jpg

Bibliotek

Biblioteket er ope for elevar måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00.

Bibliotekansvarleg Ida er tilgjengeleg dersom du treng hjelp til val av litteratur, hjelp til særoppgåve eller anna.

Informasjon om utlånskontrakt

For at du som elev skal kunna låna lærebøker må du ha ein lånekontrakt. Frå og med skuleåret 2017 – 2018 vert lånekontraktar oppretta og signert digitalt  Alle som har fylt 15 år kan signera. Under finn du link til sida for oppretting av kontrakt. Du brukar MinId for å logge deg på.

Utlånskontrakt

 

Gå til biblioteket

 

MWF4114.jpg

Kantina

Kantina finner du i hovudbygget, og er open 10.30 - 13.00. Her kan du kjøpe både varm og kald mat, og det er godt med plass til å sitte. 

Tastatur_web.jpg

IKT-hjelpen

Har du datatrøbbel? Thomas frå IKT kan hjelpe deg med mellom anna passord, nettilgang og programvare for elev-PC.

Gå til IKT-hjelp

Elevrådet 2018

Elevrådet jobbar for at elevane ved Kvinnherad skule skal ha så godt fysisk og psykisk miljø som mogleg. Elevrådet representerer elevane overfor rektor og andre vaksne som bestemmer på skulen.

Elevrådsstyret  har eit nært samarbeid med leiinga på skulen med faste lunsjmøter ein gong i månaden. Gjennom dette samarbeidet har elevrådet gode moglegheiter til å påverka  dersom vi ynskjer endringar i skulekvardagen.

Elevrådsleiar heiter Odin Aksnes.

Helsesøster og psykolog

Det er ofte mange ting som det er greit å få snakket med nokon om. Det kan være om du tror noko feiler deg, depresjon, rusmidlar, spiseforstyrrelser, graviditet, prevensjon, kjønnssjukdommar eller andre ting. Tilbodet er gratis, og du får gyldig fråvær. 

Skulehelsetenesta har oppe kvar torsdag mellom 14.00 og 16.00. Dette er gratis og ligg på Husnes helsesenter. Da er helsesøster og lege til stades.

Ring 53461620


Kontortid helsesøster Gørill Samland Eik:
Tysdagar 10.00 – 12.00 oddetalsveker  (Kan bli meir seinare)

Ring 48042865


Kontortid psykolog Sturla Helland:

Sturla har ikkje fast trefftid  på KVV.  Han kjem gjerne oppom om nokon ynskjer det.

Ring 97024320