Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vg2 studiespesialisering I USA

Kan du tenkja deg å ta Vg2  studiespesialisering i utlandet? Då kan eit år i Missouri i USA, vera noko for deg. Hausten 1998 reiste første gruppa med elevar over Atlanterhavet til St. Paul Lutheran High School. Sidan då har skulen hatt ein klasse i USA kvart år. Det er stor rift om desse skuleplassane. På grunn av korona blir det ikkje skuleklasse i USA i skuleåret 2020/2021.

Saint Paul Lutheran High School

Me tilbyr Vg2 studiespesialiserande i USA. Elevar frå heile fylket kan søkja om skuleplass. Samarbeidsskulen vår er St. Paul's Lutheran High School, Concordi, Missouri, USA. Opplegget er ein del av Hordaland fylkeskommune sitt tilbod om å ta Vg2 i utlandet. Alle som har fullført Vg1 studiespesialisering og som er folkeregistrert i fylket kan søkja på tilbodet.

Undervisninga ved skulen i USA vil så langt som råd er følgja norske læreplanar. Elevane vil, når dei vel rett fagkombinasjon, få dei faga dei treng for å få godkjent vitnemål. Kvam vidaregåande skule har ansvar for elevane og vil følgja dei opp både fagleg og sosialt.

Etter endt skoleår i USA vender elevane attende til heimeskulane sine i fylket og kan gå direkte inn i Vg3 Studiespesialiserande utdanningsprogram.

Kven passar dette for?

Eit skuleår i USA er krevjande. Du må beherske engelsk godt, ha evne til omstilling til nye forhold og kunne arbeide sjølvstendig og målretta.

Å vera utvekslingsstudent

Katrina Børve var utvekslingselev i skuleåret 2014/2015. Les om hennar opplevingar.

Eitt år i USA

 

 

Innkvartering og opphald

St. Paul’s Lutheran High School er ein internatskule med om lag 200 elevar. Elevane bur på skulen og får alle måltid der. Skulen byggjer på kristne grunnverdiar og har ein del reglar som må følgjast. Elevane vert innkvarterte i tomannsrom, som oftast med ein ikkje-norsk elev. Det er forskjellige internat for jenter og gutar. 

 

Besøk

Kvam vidaregåande skule arrangerer kvart år ein tur der familie og vennar kan vitja klassen og vera turistar i USA.

Gruppebilete USA-klassen med føresette
Saint Paul Lutheran High School

 

Økonomi

Elevane kan søkja om stipend frå lånekassen. Stipendet vil dekkja delar av bu- og reiseutgiftene.

Meir informasjon

Det vert gjeve informasjon om opplegget ved nokre skular i fylket. Om du lurer på noko, oppfordrar me deg til å ta kontakt med oss.

Slik søkjer du 

  1. Søk på vigo.no: Vg2 studiespesialisering utland, Kvam vidaregåande skule (må vera prioritert som nr. 1)    
  2. Send inn digitalt tilleggsdokument til Kvam vidaregåande skule (tilleggsskjema USA)
  3. Skriv eit essay på omlag ei A4 side om deg sjølv (på engelsk). Fortel gjerne om interessene dine, familien din og kvifor du har lyst til å reisa til USA.
  4. Send inn kopi av karakterane dine for 1. termin (Vg1)

Søknadsfrist er 1. mars. Alle tilleggsdokument må òg vera sendt innan 1. mars. Det blir gjennomført intervju av aktuelle søkjarar litt seinare på våren.

Endeleg inntak til klassen i USA blir gjort etter individuell vurdering av søkjarane i samband med det ordinære inntaket til Vg2 Studiespesialiserande utdanningsprogram.

St.Paul3.jpg

St. Paul Lutheran High School

Skulen ligg i byen Concordia i staten Missouri, sør-vest frå Chicago. Det er ein kristen skule med tradisjonar tilbake til 1883. Elevmassa er sett saman av lokale studentar og utvekslingsstudentar frå ei rekkje land. 

The “mission” of Saint Paul is to provide curricular and co-curricular experiences in a Christian environment that equip students for joyful, faithful service to Christ and His world.

Saint Paul Lutheran High School

Vg2 i utlandet

Fleire vidaregåande skular i Hordaland har tilsvarande samarbeid som det me i Øystese har med Saint Paul Lutheran High School. Alle elevar i Hordaland har høve til å søkja på desse tilboda. Du kan søkja på skuleplass i Frankrike, Storbritannia, Tyskland eller USA.

Skulebuss.jpg

Ta gjerne kontakt!

Kontaktlærar USA:

Undervisningsstilling
Profilbilde av Kurth Ystebø

Kurth Ystebø

Send e-post 90611814

 

Ass. rektor/Avd. leiar studiespesialisering
Profilbilde av Samson Håland

Samson Håland

Send e-post 95977531