Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialisering

Ønsker du å studere ved universitet eller høgskule? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velja oss?

Me er ei lita avdeling med godt miljø. "Alle veit kven alle er". I følgje elevundersøkingar som er gjort, så trivst elevane godt. Me har lite fråvær og få elevar som sluttar. Lærarane har mykje erfaring. Fagleg fokus er i sentrum. Innan idrett, så er me blant dei beste skulane i volleyball. Me tilbyr Vg2 i USA. 

Vg2 i USA Studiespesialisering Studiespesialisering på vilbli.no

Våre programområde

Vg1 er felles for alle som vel studiespesialisering. I Vg2 og Vg3 er halvparten av undervisninga programfag som du vel sjølv.

Programområda våre:

  • Realfag: Fysikk, kjemi, matematikk (R1/R2 - S1/S2) biologi og informatikk
  • Samfunnsfag/språk/økonomi: Rettslære, engelsk, psykologi, sosialkunnskap, sosiologi og sosialantropologi
  • Valfrie programfag: Breiddeidrett og toppidrett 
Søk opptak Korleis søkja opptak

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Sum timetal per veke 30 30 30
Norsk 4 4 6
Engelsk 5 0 0
Samfunnsfag 3 0 0
Historie 0 2 4
Naturfag 5 0 0
Geografi 2 0 0
Matematikk 5 3 0
2. framandspråk 4 4 0
Religion og etikk 0 0 3
Kroppsøving 2 2 2
Programfag 0 15 15

Første året

gruppe2.jpg

Obligatoriske  fag

  • Engelsk
  • Samfunnsfag
  • Kroppsøving
  • Norsk
  • Geografi
  • Naturfag
  • Matematikk: Praktisk (1P) eller teoretisk matematikk (1T). Du treng 1T dersom du skal fortsetja med realfagsmatematikk.
  • Språk: spansk eller tysk

Valfrie programfag

  • Toppidrett eller breiddeidrett
Spoersmaal.jpg

Les meir om faga våre

Her finn du kort informasjon om alle obligatoriske og valfrie fag Øystese gymnas tilbyr frå Vg1-Vg3. Fellesfaga er dei obligatoriske faga.

Fellesfag Realfag Idrett Språk Samfunnsfag

 

Læreplanar for studiespesialisering
Utvekslingselevar i Nürnberg

Utvekslingsprogram Nürnberg

Øystese gymnas arrangerer utveksling av elevar med Montessori Fachoberschule Nürnberg i  Tyskland. Våre elevar på studiespesialisering kan søkja om å vere med til Nürnberg i to veker i november/desember. Me tar imot elevar frå Nürnberg og skaffar praksisplassar til dei i Kvam. 

Utvekslingsprogram Nürnberg

 

Andre året

lærar_klasserom2.jpg
Ein kan velja mellom mange ulike idrettsaktiviteter på samarbeidsskulen i USA.

Obligatoriske  fag

  • Norsk
  • Historie
  • Matematikk: 2P, S1 eller R1
  • Språk: spansk eller tysk

Programfag

Du må velja 3 programfag. Dersom det er praktisk mogeleg kan du velja fleire fag. Du må ha to av faga i både Vg2 og Vg3. 

Valmoglegheiter

  • Realfag: Biologi, fysikk og kjemi
  • Informasjonsteknologi
  • Rettslære, sosiologi og psykologi
  • Språk: Engelsk, tysk og spansk
  • Valfrie programfag: Toppidrett eller breiddeidrett

Ønskjer du å ta Vg2 i USA?

Då kan du søkja om å ta Vg2 ved Saint Paul Lutheran High School, samarbeidsskulen vår i Missouri.

Vg2 i USA

Tredje året

tavle_foredrag.jpg

I Vg3 er norsk, religion og historie obligatoriske fag.

I tillegg kjem programfag du valde i Vg2, pluss eitt valfritt programfag i tillegg.

I løpet av tre år, skal alle ha 90 timar med fellesfag og programfag. Norsk, historie, kroppsøving og religion og etikk er fellesfag i Vg3.

Programfag

I løpet av Vg2 og Vg3 må du fortsetja med to av programfaga du hadde i Vg2.  Hadde du fire programfag i Vg2, kan du ha to programfag i Vg3. Du kan sjølvsagt ta fleire enn seks programfag om du ønskjer det. På Vg3 kan du velja følgjande programfag

  • Realfag: Biologi, fysikk, kjemi og matematikk
  • Informasjonsteknologi
  • Rettslære, sosialkunnskap og psykologi
  • Språk: Engelsk, tysk og spansk
  • Valfrie programfag: Toppidrett, breiddeidrett, dans eller musikk

Vegen vidare

Har du bestemt deg for kva du vil bli? På utdanning.no  finn du mykje informasjon om høgare utdanning. Du kan til dømes prøva Jobbkompasset  for å finna yrker innan fagområder du er interessert i. Kanskje finn du eit yrke du aldri har høyrd om før? I karakterkalkulatoren kan du rekna ut kor mange poeng du har.

Søknad om høgare utdanning skal sendast via samordna opptak. Ta kontakt med rådgjevar dersom du ønskjer hjelp og tips.

Meir utdanning? Søkje høgare utdanning

kontakt oss:

Ass. rektor/Avdelingsleiar Øystese
Profilbilde av Samson Håland

Samson Håland

Send e-post
Rådgjevar/undervisningsstilling
Profilbilde av Gro Skeie

Gro Skeie

Send e-post