Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tilrettelagte grupper

Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Me tilbyr: 

  • Opplæring i tilrettelagte grupper
  • Opplæringa blir organisert gjennom individuell opplæringsplan (IOP)

I gruppa HTA arbeidstrening (4-6 elevar) legg me særleg vekt på å førebu eleven til eit varig tilrettelagt arbeid etter vidaregåande skule.

I gruppa HTH kvardagslivstrening (4-6 elevar) vert det lagt særleg vekt på opplæring i basiskunnskap innan aktivitetar i dagleglivet. Me tilbyr også HT Lita gruppe.

Arbeidspraksis i verna bedrift eller tilrettelagt arbeidsplass vert vurdert etter behov og nytte.

Skuleåret 2017/18

Det blir ikkje sett i gang tilrettelagte grupper for skuleåret 2017/18.  

Meir om spesialundervisning Søknad om spesialundervisning

Søknad

Elevar som ønskjer plass i tilrettelagde grupper, må søkja om plass på særskild grunnlag. Søknadsfristen er 1. februar.

Ta gjerne kontakt med skulen eller direkte med rådgjevar før de sender søknad. Sjå kontaktinfo nederst på sida.

Ordninga krev at eleven har enkeltvedtak om spesialundervisning. Søknadsprosessen er todelt. Del 1: Send søknad via nettsida vigo.no. Del 2: Fyll ut eige søknadsskjema.

Nemningane (HT, HTA og HTH) på gruppene er dei ein søkjer til ved inntak til vidaregåande opplæring for elevar med behov for særskilt tilrettelegging.

Søk opptak Korleis søkje opptak

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Arbeidstrening Kvardagslivstrening
Norsk 2 2
Matematikk 2 2
Kroppsøving 4 4
Engelsk 1 1
Naturfag 1 1
Samfunnslære 2 2
Programområder 12 12
Prosjekt til fordjuping 6 6
Sum timetal kvar veke 30 30

Timeplan

Denne timeplanen er eit utgangspunkt for korleis ei veke kan vera. 

Programområde

I tida for programområda får elevane opplæring knytt til sin framtidige bu, og arbeids- og fritidssituasjon. Elevane lærer til dømes om hygiene og matlaging.

Prosjekt til fordjuping

I prosjekt til fordjuping får eleven arbeidstrening eller kvardagslivstrening på skulen eller i lokale verksemder.  I tillegg legg me vekt på å jobba med sosiale relasjonar og utforskar kreativiteten vår gjennom estetiske aktivitetar.

Første året

Arbeidstrening og kvardagslivstrening dramatiserer juleevangeliet på juleavslutninga.

Dette er viktig hos oss:

  • Vennskap og sosial kompetanse
  • Livskvalitet
  •  Meistring
  • Sjølvstende

Arbeidstrening

Arbeidstrening er eit tilrettelagt undervisningstilbod til elevar som treng ekstra oppfølging i skulekvardagen. Dette skuletilbodet er for deg som treng alternativ læreplan i eit, fleire eller alle fag. I tillegg til undervisning i fag, får du høve til å førebu deg på arbeidslivet, både teoretisk og praktisk gjennom arbeidsutplassering. Du får tett oppfølging og kan få tilpassa undervisning i alle fag. Det er også mogleg å følgja undervising i eit eller fleire fag i ordinær klasse.

Kvardagslivstrening

Kvardagslivstrening er eit skuletilbod til elevar som har trong for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod. Dette skuletilbodet er til elevar med omfattande hjelpebehov. Målet med opplæringa er å førebu eleven på eit liv etter skulen, og elevane vil trene på å verte mest mogleg sjølvhjelpne og sjølvstendige i eige liv.

Innhald i undervisninga:

  • Skreddarsydd opplegg til kvar elev. Me avdekker ressursar og potensiale hos den einskilde elev. Det blir utarbeida individuelle opplegg i undervisningsfaga.
  • Gode opplevingar! Turar, opplevingar og erfaringar også utanfor skuleområdet. Turdag ein dag i veka, som dei fleste elevar deltek på.
  • Fysisk aktivitet. Skulen har eige treningsrom, nyttar Øystesehallen og eigen sal.
  • Friluftsliv. Turar i variert natur. Skulen har eigen bil og har høve til å låna båtar og kanoar.
  • Tett oppfølging. Tett oppfølging både på skulen, i arbeidspraksis og ved overgang frå ungdomsskule til vidaregåande, og ved overgang frå vidaregåande til nytt tilbod.
  • Kjøkken/Kantinedrift: To dagar i veka er det Arbeidsliv som står for maten i kantina på skulen. Å læra seg å laga mat er ein viktig del av undervisninga ved skulen.

Fagdagar

Kvar fredag har alle elevane ved Øystese gymnas fagdag. Då jobbar me som regel med det same temaet heile dagen. På fagdagane nyttar me ofte naturen som klasserom eller reiser på ekskursjonar. 

Andre året

Undervisningsopplegget for Vg2 og Vg3 er for det meste lagt opp på same måte som i Vg1. Kvar elev får eit opplegg som er tilpassa sine evner og si utvikling.

Praksis i bedrifter

Elevane kan få praksisplassar i tilrettelagde og ordinære bedrifter. Det er viktig med tett oppfølging av kvar elev for å finne rett arbeid til den enkelte, og for å sikre ein god og gradvis overgang frå skule til arbeid. Skulen samarbeider med ei fleire lokale verksemder. Hovudsamarbeidspartnaren vår er Hardanger AKS as (Storholmen), ei vekst og attføringsbedrift som blant anna driv vaskeri, matservering, lagar treprodukt og leverer frukt.

vegen vidare

Som elev i arbeids- eller kvardagslivstreningsklassane vil ein ved nokre høve ha behov for ekstra tid til å fullføre måla i IOP. En kan søkje om utvida tid i intill 5 år dersom dette er naudsynt. Det kan ofte være ei stor overgang å bu for seg sjølv i eigen bustad og gå til fast arbeid. Dette trenar vi på i skuletida og prøver å ha klargjort arbeidsplass når skuletida er over.

Kontakt oss

Rådgjevar/Undervisningsstilling
Profilbilde av Gro Skeie

Gro Skeie

Send e-post 47384941
Ass. rektor/Avd. leiar Øystese
Profilbilde av Samson Håland

Samson Håland

Send e-post 95977531