Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ei yrkesfagleg utdanning. På VG2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studie-kompetanse.

Ved avdelinga vår i Norheimsund tilbyr me:

  • Vg1 Teknikk- og industriell produksjon 
  • Vg2 Industriteknologi 

Lurer du  på kva du skal bli eller kva fag du kan velja på Vg2, får du ei god oversikt på vilbli.no.

Valmoglegheiter innanfor utdanningstilbodet Teknikk og industriell produksjon på vilbli.no

Kvifor velje teknikk- og industriell produksjon?

Er du oppteken av ny teknologi og er ute etter eit praktisk yrke?

Utdanninga gjev kompetanse for vidare opplæring i alle yrke innan mekaniske fag og kjemi- og prosessfag som  yrker innanfor teknisk industri, skipsindustri, bilindustri, kjemisk prosessindustri  og i oljebransjen. Med slike utdanningar har du også moglegheit for å få arbeid i andre land. 

Helse, miljø og tryggleik står sentralt i desse yrka, der det er svært viktig å arbeida etter prosedyrar, teikningar og med registrering og dokumentasjon.

Søk opptak Korleis søkja opptak

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2
Sum timetal per skuleår 981 982
Engelsk 84 56
Kroppsøving 56 56
Matematikk 84 0
Naturfag 56 0
Norsk 56 56
Samfunnsfag 0 84
Programfag 477 477
Prosjekt til fordjuping 168 253

Første året

Sveising

Du som vel Teknikk- og industriell produksjon, bør ha interesse for ny teknologi, ha praktisk sans, godt handlag og vere nøyaktig. Du må både kunne arbeida sjølvstendig og saman med andre. 

Læreplan Vg1

 

Programfag

Programfag er spesielle fag for det utdanningsprogrammet og programområdet du vel.

Arbeid på verkstad. Teknikk- og industriellproduksjon.

Produksjon

I programfaget produksjon lærer ein ulike teknikkar for å laga delar og å setja saman delar. 

  • Sponskjerande bearbeiding: Boring, dreiing, fresing og saging
  • Samanføying: Sveising, lodding, mekaniske samanføyingar.

Tekniske tenester

I tekniske tenester lærer ein om korleis kraftoverføringar verkar, som til dømes hydraulikk og pneumatikk.

Dokumentasjon og kvalitet

I dette programfaget lærer ein å forstå og laga teikningar. Programmet me nyttar heiter Solid Edge.

Andre året

Industriteknologi

Programområdet industriteknologi skal leggja grunnlag for yrkesutøving innan mekanisk og teknisk industri, prosessindustri og grafisk produksjon. Denne typen industri er prega av kontinuerlig teknologisk utvikling med aukande grad av automatisering og datastyring av arbeidsprosessar.

Faget skal bidra til å utvikle kvalifiserte og omstillingsdyktige fagarbeidarar. Faget skal fremja heilskapleg forstå av produksjonsprosessar, helse, miljø og tryggleik og leggja grunnlaget for å tenkja tverrfagleg.

Programfag Vg2

Programfag er spesielle fag for det utdanningsprogrammet og programområdet du vel. Faga i Vg2 Industriteknologi er ei vidareføring av VG1-faga. 

Elevane lagar produkt.

Produksjon

I produksjon lærer ein ulike teknikkar for å laga delar og å setja saman delar.

  • Sponskjerande bearbeiding: Boring, dreiing, fresing og saging
  • Samanføying: Sveising, lodding, mekaniske samanføyingar

Tekniske tenester

I tekniske tenester lærer ein om korleis kraftoverføringar verkar, som til dømes hydraulikk og pneumatikk.

Dokumentasjon og kvalitet

I dette faget lærer ein å forstå og laga teikningar. Programmet me nyttar heiter Solid Edge.

Vegen vidare

På yrkesfag er det normalløp med 2 år i skule og 2 år i lære.  Du kan derfor søkje læreplass i godkjente lærebedrifter etter at du er ferdig i 2. klasse.   For elevar  på yrkesfag er det også mogleg å velje påbygging til studiekompetanse i 3. klasse.  

Lurer du på korleis du søkjer læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling under. Læreplass søkjer du på vigo.no.

Bli lærling Søk læreplass

 

Vil du bli ingeniør?

Etter å ha fullført Vg1 Teknikk og industriell produksjon kan du gå:

 Alternativ 1

  • Vg2 Industriteknologi eller andre relevante Vg2-linjer innanfor utdanningstilbodet.
  • Vg3 påbygg, generell studiekompetanse
  • 1-årig forkurs
  • -3-årig ingeniørutdanning

Alternativ 2

  • Vg2 Industriteknologi eller andre relevante  Vg2-linjer innanfor utdanningstilbodet.
  • 2 år i lære med fag/svennebrev
  • Y-vegen til ingeniør
Utdanning ved universitet og høgskular

Ta gjerne kontakt

Rådgjevar/Undervisningsstilling
Profilbilde av Sjur Tarjei Fykse

Sjur Tarjei Fykse

Send e-post
Avd. leiar Norheimsund, Teknologifag
Profilbilde av Steinar Steine

Steinar Steine

Send e-post