Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Innføringskurs for minoritetsspråklege

Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.

Innføringskurs

Avdeling Øystese tilbyr innføringskurs for minoritetsspråklege. Tilbodet kjem i gong når det er nok søkjarar til kurset. Det varierer frå år til år kor stort behov distriktet har for kurset. 

Kombinasjonsklassen

Kvam herad og Øystese har oppretta eit felles undervisningsopplegg for unge, minoritetsspråklege elevar. Gruppa har fått namnet Kombinasjonsklassen. Elevane får undervisning ved Øystese gymnas to dagar i veka og deltar i Vaksenopplæringa i regi av kommunen tre dagar i veka. Avtalen gjeld ut skuleåret 2017/18. 

Læreplanar Informasjon på fleire språk

Kven kan søkja?

  • Du kan søkja dersom du har fullført norsk grunnskuleopplæring eller tilsvarande. Du må kunne dokumentera dette.
  • Du kan søkja frå det året du fyller 16 år.
  • Du må ha lovleg opphald i Norge.

Kvar sender ein søknad?

  • Du kan søkja plass på vigo.no. Brukarnamn  og passord  får du i MinID. 
  • Dersom du har mista MinID kan du ringja 800 30 300 eller sende e-post til brukerstotte@difi.no  for å få ny.
  • Har du ikkje MinID, kan du senda søknaden direkte  til Opplæringsavdelinga.
Vigo Opplæringsavdelinga

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1
Sum timetal per veke 30
Norsk 10
Samfunnsfag 6
Engelsk 4
Matematikk 4
Naturfag 4
Kroppsøving 2

Første året

Lærebok i engelsk

Kva er eit innføringskurs?

Kurset varer i eitt år og gjer deg ei innføring i norsk og andre fag ein møter i vidaregåande skule.

Dersom du ikkje har vore så lenge i Norge, kan det vera lurt å velja innføringskurs før du søkjer deg vidare på Vg1.

Det er ikkje krav til norskkunnskapar for å søkja på ordinær vidaregåande opplæring. Svært mange elevar vel likevel å ta innføringskurset for å vera betre førebudd til undervisninga på Vg1.

Innføringskurset er eit tilbod som kjem i tillegg til den ordinære opplæringsretten ein har. 

Sveising

Søk vidaregåande opplæring

Etter innføringskurset kan du søkja på vanleg vidaregåande opplæring på Vg1.

Du kan ta yrkesfag som fører fram til fagbrev. Først går du 2-3 år på skule. Deretter kan du søkja plass som lærling. Dersom du grå eitt år på påbygg i tillegg, kan du få studiekompetanse.

Eller du kan velja studiespesialiserande fag og få generell studiekompetanse. Da kan du søkja plass ved universitet eller høgskular når du har fullført og bestått vidaregåande utdanning.

Du søkjer  på vigo.no, bruk MinID.

Meir informasjon om utdanningsprogramma får du på vilbli.no.

Vilbli.no MinID Vigo, søknad vidaregåande