Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Ved avdelinga vår i Norheimsund tilbyr me:

  • Vg1 Helse- og oppvekstfag
  • Vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag
  • Vg2 Helsearbeidarfag

YFF - Yrkesfagleg fordjuping

I faget yrkesfagleg fordjuping er elevane i praksis i bedrift. 

  • Vg1: 4 veker i praksis
  • Vg2: 7 veker i praksis
Valmoglegheiter innanfor utdanningstilbodet Helse- og oppvekstfag på vilbli.no

Omsorg er framtid!

Bryr du deg om andre menneske og er flink til å kommunisera? Er det viktig for deg å arbeida i fellesskap med andre?

Likar du å jobbe med menneske er dette faget for deg.  Du kan blant anna få jobb som helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, hudpleiar, ambulansearbeidar, farmasiteknikar og fotterapeut.

Helse- og oppvekstfag gjer deg eit godt og praktisk grunnlag dersom du ønskjer å ta høgare utdanning innanfor helsesektoren.

Søk opptak Korleis søkja opptak

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2
Engelsk 84 56
Kroppsøving 56 56
Matematikk 84 0
Naturfag 56 0
Norsk 56 56
Samfunnsfag 0 84
Programfag 477 477
Prosjekt til fordjuping 168 253
Sum timetal per skuleår 981 982

Første året

Helsefagarbeidar

Helse- og oppvekstfag er eit utdanningsprogram som passar for deg som ønskjer å arbeida med menneske, har evne og vilje til samarbeid, samtidig som du kan ta avgjerder på eiga hand.

Eigne haldningar, kunnskapar om helsefremjande arbeid, livsstilssjukdommar, arbeidsmiljø og kulturforskjellar er viktig. Det blir også stilt krav til heilskapleg tenking og tverrfagleg samarbeid.  Fleire yrke krev politiattest.

 

Andre året

Øving på stell av pasient

Vg2 Helsefagarbeidar

I tillegg til fellesfaga norsk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving, tilbyr Vg2 desse programfaga:

  • Helsefremjande arbeid
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Yrkesutøving
  • Yrkesfagleg fordjuping

Helsearbeidarfaget skal medverka til å dekkja behovet for kompetente helsefagarbeidarar som kan møte pasientar, brukarar og pårørande på ein profesjonell måte, og bidra til at samfunnet sitt behov for helse- og omsorgstenester blir ivaretatt både i kommunal helse- og sosialtenesta og i spesialisthelsetenesta.

Programfaga skal bidra til å utdanne helsefagarbeidarar som samarbeida med andre yrkesgruppe, fremjar trivsel, fysisk og psykisk helse og tek vare på brukarmedverknad og pasientrettighetar. Gjennom helsefremjande arbeid skal helsefagarbeidaren førebyggja isolasjon og leggja til rette for eit meir aktivt liv.

I faget yrkesfagleg fordjuping er elevane ute i praksis.

Antioksidantar3.jpg

Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag

I tillegg til fellesfaga norsk, engelsk, samfunnsfag og kroppsøving, tilbyr Vg2 desse programfaga:

  • Helsefremjande arbeid
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Yrkesutøving
  • Yrkesfagleg fordjuping

På Barne- og ungdomsarbeiderfaget får du lære korleis du kan bli ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar. Du vil lære om kva som skal til for å stimulera born og gje dei den tryggleik dei treng. Undervisninga er både praktisk og teoretisk.

I faget Yrkesfagleg fordjupning er elevane i praksis i barnehage, skule eller skulefritidsordning.  

Ut i lære

På yrkesfag er det normalløp med 2 år i skule og 2 år i lære.  Du kan derfor søkje læreplass i godkjente lærebedrifter etter at du er ferdig i 2. klasse.   For elevar  på yrkesfag er det også mogleg å velje påbygging til studiekompetanse i 3. klasse.  

Lurer du på korleis du søkjer læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling under. Læreplass søkjer du på vigo.no.

Bli lærling Søk læreplass

 

Ønskjer du å ta høgare utdanning?

Etter å ha fullført Vg1 og Vg2 kan du gå:

  • Vg3 påbygg, generell studiekompetanse
  • Høgare utdanning ved universitet og høgskular. Hugs å sjekka kva fag det er krav til at du skal ha til den utdanninga du lønskjer å studera.

Ta gjerne kontakt

Rådgjevar/Undervisningsstilling
Profilbilde av Gro Skeie

Gro Skeie

Send e-post 47384941
Avdelingsleiar, yrkesfag
Profilbilde av Atle Kjosås

Atle Kjosås

Send e-post 97732512