Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søker læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Ved avdelinga vår i Norheimsund tilbyr me:

Lurer du  på kva du skal bli eller kva fag du kan velja på Vg2, får du ei god oversikt på vilbli.no.

Valmoglegheiter innanfor utdanningstilbodet Elektrofag på vilbli.no

Ei lysande framtid!

Er du interessert i framtidsretta teknologi og likar praktiske oppgåver?

Vårt daglege liv er avhengig av at elektriske system fungerer. Me treng system som leverer elektrisk energi for maskiner og kommunikasjon som vert brukt både heime og på jobb. Me treng kvalifiserte fagfolk som installerer og vedlikeheld elektroniske system.

Søk opptak Korleis søkja opptak

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2
Sum timetal per skuleår 981 982
Engelsk 84 56
Kroppsøving 56 56
Matematikk 84 0
Naturfag 56 0
Norsk 56 56
Samfunnsfag 0 84
Programfag 477 477
Prosjekt til fordjuping 168 253

Første året

Elektro.jpg

Dette utdanningsprogrammet fører til ei rekkje ulike yrke for installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Elektrofag passar for deg som vil arbeida, nøyaktig, sikkert og systematisk og som er serviceorientert i møte med kundar.

Det blir ofte eit krav om at ein har godt fargesyn. 

Både logisk tenkjemåte og kreativitet er viktig for å kunna løysa konkrete oppgåver og utvikla nye produkt.

Skulen har eit godt samarbeid med elektrobedriftene i kommunen, så her er det mogeleg å skaffa seg god arbeidsrøynsle i løpet av utdanninga. 

Læreplan Elektrofag Vg1
Arbeid i sikringskåp

Data og elektronikksystem

I dette programfaget lærer me blant anna å kopla opp fylgjande system:

  • Ringeanlegg for bustadhus
  • Porttelefonanlegg
  • System for adgangskontroll for blokkleilegheit.
  • Adgangskontroll med lyd og bilete
  • Brannalarmanlegg
  • Innbruddsalarmanlegg
  • Antenneanlegg for radio og tv

Me legg vekt på lesing og forståing av dokumentasjon som fylgjer anlegga og programmering av anlegga via PC.

Eigenproduksjon av dokumentasjon er og viktig, det same er kunnskap om lover, forskrifter og HMS.

Elektrofag

Automatisering

I dette programfaget lærer me å kopla opp diverse styringar med 3-fase asynkronmotorar som til dømes forriglingar, dreieretningsvendarar og tidsforseinkingar.

Me utfører anlegga som: Reine kontaktorstyrte anlegg Programmerbare logiske styringar (PLS)

Me legg vekt på lesing og forståing av dokumentasjon som fylgjer anlegga og programmering av anlegga via PC.

Eigenproduksjon av dokumentasjon er og viktig, det same er kunnskap om lover, forskrifter og HMS.

Me lærer også å produsera dokumentasjon ved hjelp av pc-baserte konstruksjonsprogram som for eksempel PC-Schematic.

Andre året

Elektrofag

Opplæringa i elenergi skal medverka til å dekkja samfunnet sitt behov for kompetanse innanfor elkraftproduksjon og distribusjon, sjøfart, oljeproduksjon og industriverksemd, jernbane, helsevesen, næringsverksemd og bustadar.

Difor må elenergifaget møta samfunnet si krav innan fagområdet med kvalifiserte fagfolk som kan installere, kontrollere og vedlikehalde systemene og det tilhøyrande utstyret.

Læreplan i elenergi, Vg2

vegen vidare

På yrkesfag er det normalløp med 2 år i skule og 2 år i lære.  Du kan derfor søkje læreplass i godkjente lærebedrifter etter at du er ferdig i 2. klasse.   For elevar  på yrkesfag er det også mogleg å velje påbygging til studiekompetanse i 3. klasse.  

Lurer du på korleis du søkjer læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling under. Læreplass søkjer du på vigo.no.

Bli lærling Søk læreplass

 

Vil du bli ingeniør?

Etter å ha fullført Vg1 elektrofag kan du gå:

 Alternativ 1

  • Vg2 Elenergi
  • Vg3 påbygg, generell studiekompetanse
  • 1-årig forkurs
  • -3-årig ingeniørutdanning

Alternativ 2

Utdanning ved universitet og høgskular

ta gjerne kontakt

Rådgjevar/Undervisningsstilling
Profilbilde av Sjur Tarjei Fykse

Sjur Tarjei Fykse

Send e-post
Avd. leiar Norheimsund, Teknologifag
Profilbilde av Steinar Steine

Steinar Steine

Send e-post