Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skulehelsetenesta

Ønskjer du å snakka med ein vaksen? Har du spørsmål om fysisk og psykisk helse? Små eller store problem? Helsesjukepleiar, lege og psykolog har teieplikt.

me er her for deg

Skulehelsetenesta, korleis har du det?

Lege

Eirik W. Rebnord er skulelege hos oss. Legen kjem til skulen kvar mandag dersom nokon har bestilt time. Time kan tingast i ekspedisjonen.

Psykolog

Stian Wessel Jordan er skulepsykolog i regionen vår. Han er hos oss kvar torsdagar. Time kan tingast på e-post eller ved å ringja eller senda sms til 408 06 296.

Skulepsykolog

  

 

Helsesjukepleiar

Time kan tingast ved å komma innom i trefftida, ved å ringja eller senda SMS til helsesjukepleiar. Time kan også tingast i ekspedisjonen.

Avdeling Norheimsund: Linda Karin Haga er helsesjukepleiar ved avdeling Norheimsund. Ho er til stades: Fredagar frå 8.30-15.00.

Telefon Helesyster Norheimsund Helsesyster Norheimsund

 

 

 

 

Avdeling Øystese: Christel Mo Vik er helsesjukepleiar ved avdeling Øystese. Ho er til stades: Torsdagar frå 8.30-14.00.

Skulepsykolog

Skulepsykologen har teieplikt og kan henvise til BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) eller andre instansar om eleven seier seg einig og ved behov. Skulepsykologen samarbeider med alle tilsette som jobbar med elevar (inkl. elevinspektør, helsesøster, kontaktlærar). Skulepsykologen jobbar for betring av det psykososiale miljøet samt førebygging av psykiske plager. Han tek seg av saker som verkar inn på trivsel, helse, læring og motivasjon på både individ- og gruppenivå. Samtaletid med skulepsykolog vert ikkje rekna som fråvær når samtalen er dokumentert.

Områder ein skulepsykolog kan hjelpe med:

For eleven

  • Stressmestring. Kva skjer i kroppen, korleis blir konsentrasjonen og motivasjonen påvirka og korleis ein kan få meir kontroll over kroppen når ein er stressa.
  • Søvn. Søvnen sin innvirkning på konsentrasjon, innlæring og minne. Søvnhygiene og generelle søvnråd.
  • Psykiske vanskar. Generelt og spesifikt om psykisk helse. Korleis tek ein vare på si eiga psykiske helse. Kvar går grensa mellom normalt og sjukt. Informasjon om dei vanlegaste psykiske plagene blant ungdom, med fokus på mestring.

Gyldig fråvær

Det blir ikkje ført fråvær når du har time hos helsesyster, psykolog eller lege. Hugs å få med deg dokumentasjon på at du har vore hos skulehelsetenesta.

 

Timar kan tingast på kontora

Administrasjon, avdeling Øystese
Profilbilde av Gunn-Reidun Fjelde

Gunn-Reidun Fjelde

Send e-post 57305500