Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Biblioteket

Bibliotekaren hjelper deg gjerne med å finna materiale du treng til skuleareid eller fritidslesing. Finn du ikkje det du ønskjer i hyllene på biblioteket? Spør, så skaffar me det som er mogeleg å få tak i.

Ein skule - to skulebibliotek

Lesing
Elevar på skulebiblioteket
Bibliotekar
Profilbilde av Astrid Holmefjord

Astrid Holmefjord

Send e-post

Bibliotekaren har 50 % stilling og er til stades:

  • Norheimsund: Torsdag
  • Øystese: Onsdag og annankvar fredag

 Websøk

I websøket kan du:

  • Sjekka kva bøker og filmar me har
  • Sjå kva e-bøker me har
  • Få ei oversikt over låna dine
  • Reservera bøker og filmar
  • Fornya lån
  • Laga ny pin-kode

Websøket er tilgjengeleg som app i Google play/appstore. Appen heiter Bibliofil. 

App, bibliofil

lanekort.jpg

Nasjonalt lånekort

Dette lånekortet kan nyttast på dei fleste bibliotek i landet. Opplysningane dine blir lagra i eit nasjonalt register. Første gong du brukar kortet på eit nytt bibliotek, lastar dei ned informasjonen din når kortet blir skanna i biblioteksystemet. Du administrerer kontoen din på Websøket til eit bibliotek du er registert på.  

Dersom du manglar kort eller kode kan du få dette på skulebiblioteket eller ved å logga inn i på Websøk. Vel "Ny lånar" dersom du manglar lånekortnummeret ditt.

I appen Bibliofil finn du ei digital utgåve av lånekortet ditt. 

Websøk - ny pinkode
Ebokbib.jpeg

E-bøker på eBokBib

Me har tilgang til lån av e-bøker gjennom E-lån Hordaland som Hordaland fylkesbibliotek står bak. Last ned appen eBokBib for å få tilgang til e-bøkene. E-bøkene kan lånast og lesast på Android eller iOS telefon eller nettbrett. 

Du treng Nasjonalt lånekort og pin-kode for å logga inn på appen eBokBib.

Filmbib.jpg

Filmbib

På Filmbib kan de sjå kort- og dokumentarfilmar gratis. Basen inneheld norske produksjonar, både nye og gamle. Det blir stadig lagt til fleire filmar i ulike sjangrar som til dømes animasjon, eksperimentell film og humor. Ein finn også historisk interessante og samfunnsaktuelle dokumentarar på Filmbib.

Filmbib er tilgjengeleg i nettlesaren på PC og Mac og i appar for iOS og Android. 

Ein loggar på tenesta med Nasjonalt lånekort og tilhøyrande passord.

Filmbib
Logo Nasjonal digital læringsarena, NDLA

NDLA - Nasjonal digital læringsarena

På desse nettsidene finn du mykje nyttig pensumstoff både for studiespesialisering og yrkesfag. Alle læremidla som ligg på nettsidene er kvalitetssikra, gratis å bruka og tilgjengelege for alle. 

Fagstoffet er presentert som tekst, øvingar og oppgåver, interaktive ressursar, eForelesingar, videoar, rettleiingar og bilete. Det finst ein lyttefunksjon på NDLA-nettsidene som ein kan nytta om ein vil lytta til teksten på dei ulike sidene. 

NDLA er eit samarbeid mellom alle fylkeskommunane i landet, bortsett frå Oslo. 

NDLA
Lydhør-logo.png

Skulelydbok, Lydhør og NLB.no

Gjennom appen Lydhør eller nettsida til NLB kan dei som har rett på tenesta få låna både lærebøker og  fag- og skjønnlitteratur som lydbøker. Du har rett til å få lånetilgang hos NLB dersom du har anten:

  • Svekka syn 
  • Dysleksi eller andre lesevanskar
  • ADHD med konsentrasjonsvanskar
  • Problem med å halda ei bok
  • Kognitive utfordringar og språkvanskar på grunn av sjukdom eller skade

Dersom du er interessert i å få tilgang til fag- og skjønnlitteratur kan du melda deg inn sjølv via NLB sine nettsider. Dersom du treng lærebøkene dine som lydbøker, er det me på skulen som melder deg inn. Når me har meldt deg inn får du tilgang til alt, både fagbøker, skjønnlitteratur og lærebøker. Me kan låna lærebøkene for deg eller du kan låna dei sjølv. Du må sjølv lasta dei ned på PC eller i appen Lydhør.

NLB Skulelydbok

Bibliotektenesta

Ei orientering om skulebiblioteket og diverse digitale tenester. 

Kjelde og Zotero

Ein presentasjon som tar for seg korleis ein ved hjelp av programmet Zotero kan halda orden på kjeldene ein nyttar i oppgåveskriving.