Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

IKT

IKT-konsulenten hjelper til med problem med skulerelatert programvarer og enkel feilsøking på elevpc-ar. IKT-konsulenten kan hjelpa til program-installasjonar.

Skulen nyttar It`s Learning og SkoleArena. Står du fast? På hjelpesidene til Læring i Hordaland - Digital grunnkompetanse finn du tips om bruk av Itslearning, SkoleArena, PC/Mac/nettbrett, anti-virus og mykje meir.

Utskrifter, programvare til nedlasting og mykje annan nyttig informasjon finn du på Skoleportalen.

Skoleportalen

 

IKT-Hjelp

IKT-konsulenten kan hjelpa deg med programvareinstallasjon og enkel feilsøking på din elevpc. Må det skiftast delar eller om operativsystemet må reinstallerast må pcen sendast inn til leverandør. Kontakt i så fall leverandøren du har kjøpt elev-pcen av. Har du kjøpt ein subsidiert modell gjennom fylket sin avtale med ATEA, kan IKT-konsulenten hjelpa deg med innsending, dersom datamaskina skal på reperasjon. Du kan få låna ein pc medan din pc er inne på reparasjon.

Innmelding av sak til IKT:

Du kan sende inn din sak på http://hjelp.hfk.no 

Du vil ganske raskt få svar på e-post frå ein av IKT-konsulentane i region Sunnhordaland/Voss/Hardanger. Dei vidaresender til lokal IKT-konsulent dersom saka bør løysast lokalt.

På skoleportalen.no finn du lenke der du kan endre ditt eige passord og også programvare brukt i undervisninga.

Elev-PC

Ny i vidaregåande skule? Då har du høve til å kjøpa ei datamaskin gjennom fylkeskommunen sin avtale. OBS: TIP og elektro nyttar programvare som berre fungerer i Windows.

Tips til val av maskinvare

 

E-postadresser for elevar

Alle vidaregåande-elevar i Hordaland fylkeskommune får tildelt ei gmail-adresse som sluttar på @gskole.no. Byrjinga på e-postadressa og passord er same brukarnamn og passord som blir nytt til Itslearning.

Lærarar kan laga mapper til elevane sine på Google drive. I desse mappene kan lærar og elev skriva og redigera i same dokument.