Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fråværsgrensa

Frå 1. august 2016 er det innført fråværsgrense for elevar i dei vidaregåande skulane. Hensikta med innføring av fråværsgrense er å motivere elevane til jamn innsats og å forhindra skulking.

Dersom ein elev har meir enn 10 % fråvær i eit fag, vil eleven som hovudregel ikkje ha rett til halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget. Gje beskjed til Kontaktlæraren din på telefon/sms eller Its Learning om du er vekke frå skulen.

  • Fråværsgrensa gjeld timefråvær i einskildfag, ikkje eleven sitt totale fråvær.
  • Sjølv om du ikkje får halvårsvurdering til jul, kan du få standpunktkarakter dersom di har mindre enn 10 % fråvær i faget gjennom heile skuleåret.
  • Eleven må dokumentera fråværet for å få det unntatt.
  • Eleven skal få eit varsel om han eller ho står i fare for å ikkje få karakter på grunn av fråvær.
  • Fråværsgrensa gjeld for elevar i vidaregåande skule, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne.
  • Dersom eleven har mellom 10 og 15 % udokumentert fråvær og årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal kunne få karakter, kan rektor bestemma at eleven likevel får karakter.

Godkjende årsaker

Dersom ein har gyldig grunn og dokumentasjon av fråværet, kan ein ha fråvær som ikkje blir rekna med i 10 %-regelen. For at det skal vera gyldig grunn, må fråveret komma inn under ein av desse punkta. 

  • Helse- og velferdsgrunnar: legetime, tannlegetime, time hos BUP, avtale med skulehelseteneste, enkelte omsorgsoppgåver knytt til eigne barn. Her kan legeerklæring, timekort eller kvittering vera dokumentasjon. Eigenmelding er ikkje godt nok. I visse tilfelle, ved til dømes dokumentert kronisk sjukdom eller dokumentasjon på at ein er under utredning, er det opp til rektor å vurdera om det i kvart tilfelle må dokumenterast med noko utover eigenmelding.
  • Arbeid som tillitsvald, dette må skriftleg dokumenterast frå organisasjonen ein er tillitsvald i.
  • Politisk arbeid, dette må skriftleg dokumenterast frå partiet ein har tillitverv i.
  • Hjelpearbeid, dette må skriftleg dokumenterast frå organisasjonen.
  • Lovpålagt oppmøte, her må innkalling leggjast fram. Td frå politi dersom ein er kalla inn som vitne.
  • Representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå, td i kultur og idrett. Dokumentasjon som høver.
  • Religiøse høgtider, inntil to dagar utanom Den norske kyrkja. Dette må søkjast om i forkant og dokumenterast dersom mogeleg.
Utsnitt av klokke

Forseintkoming

For undervisningstimar som varer inntil 60 minutt:
Dersom eleven møter inntil 15 minutt for seint til undervisningstimen, skal det reknast som forseintkoming. Dersom eleven møter 15. minutt eller seinare til undervisningstimen, skal det
reknast som fråvær.

For undervisningstimar som varer over 60 minutt: Skulen kan utvide grensa for forseintkoming til inntil 25% av undervisningsøkta si lengde. Ordninga må i tilfelle gjelde for heile skulen.

Forseintkoming er eit brot på ordens- og åtferdsreglementet og kan føre til nedsett karakter i orden og åtferd.

Deltidselev

I Hordaland fylkeskommune er overskriden fråværsgrense i eitt eller fleire fag ein tungtvegande grunn til å fatte enkeltvedtak om status som deltidselev. Det er rektor som kan avgjere om ein fulltidselev likevel kan bli deltidselev.

Inntak til Vg2 eller Vg3

I utgangspunktet må eleven ha bestått i alle fag for å begynna på neste opplæringsår. Det vil sei at ein elev som hovudregel må ha minst karakteren 2 i alle fag for å gå vidare. I nokre tilfelle blir det gjort unntak. Eleven må bestå faget for å få vitnemål.

Fråværsgrensa