Ut i verda
Utvekslingsprogram, skuleturar, Vg2 studiespesialiserande i USA. Verda stoppar ikkje med dørstokken vår. Gjennom åra hos oss, kan elevane få tilbod om utlandsreiser alt etter kva utdanningstilbod dei vel. Til dømes pleier Samfunnsfagleg engelsk å reisa på studietur til London i Vg3 for å praktisera engelsk på ordentleg.
Biletet er frå ein besøkstur til elevane på Vg2 i USA. Skulen arrangerer kvart år ein tur der føresette, vennar og kjente kan vitja klassen og vera turistar i USA. Ein lærar frå skulen er med som guide.
Elevutveksling med Nürnberg
i 2015 reiste fem elevar og ein lærar til Nürnberg. Elevane var i Tyskland i to veker. Dette var starten på eit utvekslingssamarbeid. Elevane bur hos vertsfamiliar. Seinare kjem elevane dei budde hos på eit tilsvarande opphald i Norge, der dei bur heime hos den eleven som vitja dei i Tyskland.
Nordiska broar till yrkeslivet
Skulen deltek i eit prosjekt som heiter Nordiska broar till yrkeslivet. Meininga med dette er å gje ungdom høve til å prøva ein periode med utplassering i ei bedrift i Sverige eller Finland. Me samarbeider med ein skule i Porvoo, ein i Stockholm og ein i Trollhættan. Fram til no har me hatt to grupper som har reist til Finland. Om kort tid tek me imot dei fyrste finske elevane som kjem hit til Kvam.