Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Avdeling Øystese

Øystese statsrealskule blei stifta i 1949. I 1960 skifta skulen namn til Øystese gymnas. 1. januar 2017 blei Øystese gymnas og Norheimsund vidaregåande skule slått saman til ein skule.

velkommen til oss

Avdeling Øystese ligg like ved Kvam ungdomsskule, litt ovanfor Øystese sentrum. Følg skilting til Nedre Vik frå hovudvegen.

Inngangsparti med trehest, kunst

Ekspedisjonen ligg i 2. etasje og er open frå 8:00-15:30.

Øystese statsrealskule

Ordførar Olav L. Skeie jobba hardt for å få ein statsrealskule i Kvam. I 1949 avgjorde Kyrkje- og undervisnings departementet at Kvam herad fekk oppretta ein statsrealskule. Statsrealskulane skulle gje evnerik bygdeungdom gode vilkår for vidare utdanning og vera små kultursentre i bygdene dei blei lagt til. Kvam herad kjøpte ei tyskarbrakke, bygde på ei høgd. I desse provisoriske lokala starta 33 elevera opp hausten 1949. Elevane blei tekne inn etter opptakingsprøvar som gjekk over 3-4 dagar. Ivar M. Iversen fungerte som skulen sin første rektor før Ludvig Holmaas tok over hausten 1950. Holmaas var rektor heilt til 1974. I 1972 blei dei siste statsrealskulelevane uteksaminert.

Skulebygga slik dei såg ut då Øystese gymnas var Øystese statsrealskule
Trehest utanfor Øystese gymnas
Skulen vart bygd på ein tomt som tidlegare var eit hestebeite. Staden heitte Rossvoll, eit namn blant anna volleyballaget har teke med seg vidare. Kunstnaren Ellen Bang har laga hesten som tar imot alle som kjem til avdeling Øystese.

Øystese gymnas

I 1960 blei dei første gymnaselevane tekne opp. Gymnaset blei først administrert under statsrealskulen. I 1965 overdrog departementet eigedommane frå Statsrealskulen til Hordaland fylke, mot at Hordaland fylke bygde ut gymnaset i Øystese. Etter ti år med gymnaselevar, fekk skulen status som fylkesgymnas. Tida som statsrealskule var over. 

Bøker om skulen

Øystese statsrealskule og gymnas 1949-1974 Øystese statsrealskule og gymnas 50 år

 

Ein klasse i USA

Hausten 1998 reiste første gruppa med elevar over Atlanterhavet til St. Paul Lutheran High School. Sidan då har skulen hatt ein klasse i USA. 

Vg2 i USA

Ta gjerne kontakt

Ass. rektor/Avdelingsleiar Øystese
Profilbilde av Samson Håland

Samson Håland

Send e-post