Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Korleis registrera søknad på vigo.no

Alle søknadar om vidaregåande opplæring på skule og i bedrift, fagskuleutdanning og vaksenopplæring skjer via vigo.no.

Registrer søknaden din på vigo.no

  • Sjekk at mobilnummer, e-postadresse og adresse er riktig på vigo.no.
  • Registrer søknaden din. Du finn informasjon på søkesiden.
  • Les instruksjonane nøye.
  • Sjå også "Kva kan du søkje?"
  • Treng du hjelp med søknaden? Kontakt rådgjevar på skulen din.
  • Hugs å skriva ut kvittering av søknaden før du loggar ut.
  • Har du avslutta grunnskulen i utlandet, må du kontakta fylket du skal flytte tilbake til før du kan søkja vidaregåande opplæring på vigo.no.

Endra opplysningar om deg på vigo.no

  • Du kan endra søknaden din på vigo.no heilt fram til søknadsfristen går ut.
  • Får du nytt mobilnummer, ny e-postadresse eller ny adresse må du
    • endra opplysningene på vigo.no (før 1. juli i de fleste fylke) 
      – hugs at du og må oppdatera mobilnummer og e-postadresse i MinID.
    • melda frå til inntakskontoret (etter 1. juli i de fleste fylke).

Vedlegg til søknaden

  • Merk alle vedlegg med fødselsnummer.
  • Pass på at du har rett tal eksemplar av kvart vedlegg.
  • Send alle vedlegg til søknaden din per post til inntakskontoret i heimfylket ditt innen søknadsfristen går ut.