Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Heim/skule

Me ønskjer å ha eit nært og godt samarbeid med foreldre og føresette. I forskrift til opplæringslova er det fastsett at både offentlege og private vidaregåande skular skal halda kontakt med foreldra til umyndige elever gjennom heile opplæringsåret.

møte mellom heim og skule

Oppstartsmøte for Vg1-elevar

Elev, foreldre og føresette blir ved skulestart invitert til samtale med kontaktlærar. På møtet skal foreldra informerast om skulen, innhaldet i opplæringa, reglar og rutinar og foreldra sin rett til medverknad.

  • Informasjon om rettar
  • Varsel om eleven sitt fråvær
  • Anna informasjon om eleven
  • Informasjonsmøte ved starten av skuleåret
  • Utlån av lærebøker

Foreldremøter og foreldresamtalar

Avdeling Øystese

Det blir heldt to foreldremøte på Vg1 og eitt foreldremøte på Vg2. Etter møta har dei føresette høve til å setja seg opp på samtalar med kontaktlærarar og faglærarar.

Avdeling Norheimsund

Det skal haldast minst ein planlagt og strukturert samtale med kontaktlæraren til elevar på Vg1 og Vg2 første halvår av opplæringsåret. Samtalen skal dreia seg om korleis eleven arbeidar til dagleg og om eleven si kompetanse i faga. Samtalen skal òg klargjera korleis elev, skule og foreldre skal samarbeida for å leggja til rette for eleven si læring og utvikling. Det blir heldt foreldremøter etter ønskje eller ved behov.

Føresettedag i Norheimsund

Ein laurdag på haustparten blir foreldre og føresette til elevar ved avdeling Norheimsund inviterte på besøk på skulen. Elevane syter for god stemning med matsal i kantina og mykje aktivitet på avdelingane. Gjestene får sjå lokala og kva elevane jobbar med til dagleg. Lærarane er til stades, så det er høve til å prata med både lærarane frå programområda og fellesfaglærarane.

Foreldre på skulebesøk.

Informasjon om rettar 

Foreldre og føresette skal få informasjon om rettar etter opplæringslova og forskrift til opplæringslova. Slik informasjon kan for eksempel delast på foreldremøte eller på skulen si heimeside.

Korleis få oversikt over fagstoff, fråvær og vurderingar?

Foreldre får berre tilgang på eleven sin læringsplattform, It's Learning, gjennom eleven sitt brukarnamn og passord.


For å få tilgang til karakterar, vurderingar, fråvær og merknadar, må føresette logga inn på skulearena.

Skulearena Tilgang til skulearena

 

Anna informasjon om eleven

Foreldra skal få anna nødvendig informasjon om eleven som ikkje er underlagt teieplikt. Dette kan for eksempel vera at eleven har problem med å finne seg til rette på skulen, skapar bråk og uro i timane eller på andre måtar bidreg til eit dårleg psykososialt miljø.

Varsel om eleven sitt fråvær

Foreldra skal få munnleg eller skriftleg varsel om eleven sitt fråvær. Varselet skal vera skriftleg dersom det er fare for at eleven kan få nedsett karakter i orden og åtferd eller dersom eleven ikkje kan få vurdering med karakter i eitt eller fleire fag. Slike varsel skal bli gitt så tidleg at foreldra har mogelegheit til å gripa inn i situasjonen.

Fråværsgrensa

 

 

Myndige elevar

Når eleven har fylt 18 år, fell skulen si plikt til å informera foreldra vekk. Myndige elevar kan om ønskjeleg samtykkja i at skulen fortset å informera foreldra, på alle eller avgrensa område.

Fotografering

I starten av kvart skuleår blir det teke klassebilete og portrettbilete. I etterkant av fotograferinga får elevar og føresette høve til å kjøpa bileta via fotografen si nettside. 

Skulen får laga eit hefte med bilete av alle elvane. Dette heftet er til intern bruk. Heftet er til god hjelp når dei tilsette skal læra seg namna til elevane.

Elevundersøking, kartlegging og VIP

Elevundersøkinga

Kvart år vert det heldt ei elevundersøking. Elevane svarar på spørsmål kring læring, undervisning, fysisk og psykisk skulemiljø og mykje meir. Svara er anonyme.

Undersøkinga gjev skulen mykje nyttig informasjon i høve til å forbetra oss.

Kartleggingsprøvar

Frivillige kartleggingsprøvar og lærestøttande prøvar er eit tilbod til vidaregåande skular. Vår skule gjennomfører slike prøvar. Skulen har tilgang til kartleggingsprøvar i rekning, lesing og engelsk.

VIP

VIP står for Veiledning og informasjon om psykisk helse i skulen. Målet for programmet er å gjera elevane betre rusta til å ta vare på si eiga psykiske helse og å gjera dei merksame på kvar det er råd å søkja om hjelp. Skuleprogram retta mot Vg1-elevar. På Vip-dagen får elevane på Vg1 jobba i grupper. Kvar gruppe blir leia av helsepersonell. 

Skuleprogrammet VIP

Avdeling Norheimsund

Avd. leiar Norheimsund, Helse og fellesfag
Profilbilde av Sissel Aase Børve

Sissel Aase Børve

Send e-post
Avd. leiar Norheimsund, Teknologifag
Profilbilde av Steinar Steine

Steinar Steine

Send e-post

Avdeling Øystese

Ass. rektor/Avdelingsleiar Øystese
Profilbilde av Samson Håland

Samson Håland

Send e-post

 

Kontaktlærarar

Kontaktlærarar