Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevsider

På denne sida finn du informasjon om: Rådgjevar - Elevinspektør - Elevråd - IKT - Kantine -Bibliotek - Skulehelsetenesta - Lovar og reglement - Mobbeombodet

saman gjer me kvarandre gode!

Rådgjevar

  • Ønskjer du råd om val av studieretning og vidare karriere?
  • Ønskjer du informasjon om studielån eller stipend?
  • Har du behov for tilrettelegging i skulekvardagen?

Ta kontakt med ein av rådgjevarane våre. 

Rådgjevar er bindeledd til OT/PPT, lånekassen og andre hjelpeinstansar for ungdom.

Rådgjevar

Elevråda

Kvar avdeling vel eit nytt elevråd for kvart skuleår. Dei jobbar for godt læringsmiljø, elevvelferd og er talerøyr for elevane.

  • Elevråda ved kvar avdeling består av tillitselev og vara frå kvar klasse.
  • Ved kvar avdeling blir fem av tillitselevane og vararepresentantane blir vald til å sitja i elevrådsstyra. 
  • Leiar, nestleiar og kasserar er representantar skulemiljøutvalet
  • Elevråda vel to representantar til Kvam ungdomsråd
Tastatur_web.jpg

IKT

Står du fast? På nettsidene "Digital grunnkompetanse" finn hjelpesider til Its Learning, skulearena, informasjon om anti-virus og tips til vedlikehald av datamaskinene.

På skoleportalen finn du blant anna lenke til utskrift og programvarer du kan lasta ned.

IKT-side Digital grunnkompetanse Skoleportalen
Kantina

Kantinene

Her kan du nyta mat du har med deg eller kjøpa noko i utsala våre.

Skulefrukost

I frukostpausen serverer me gratis frukost: Graut eller gryn. 

Sal av mat:

  • Norheimsund: 9.10-12.25 (Onsdagar: kun ope i frukostpausen)
  • Øystese: 8.00-12.25 

Menyane varierer, men me har ofte:

  • Påsmurt
  • Salat og frukt
  • Kalde og varme drikker
  • Yoghurt og mjølkeprodukt
  • Ein heimelaga varmrett 
  • Bollar, lappar og liknande
Elevar på skulebiblioteket

Biblioteket

Les - lån - studer - slapp av - spør! Skulebiblioteket er ope heile skuledagen.

Bibliotekaren er til stades:

  • Onsdag: Øystese
  • Torsdag: Norheimsund
  • Annankvar fredag: Øystese
Skulebibliotek
Skulehelsetenesta, korleis har du det?

Skulehelsetenesta

Ønskjer du å snakka med ein vaksen? Har du spørsmål om fysisk og psykisk helse? Små eller store problem? Lege, psykolog og helsesjukepleiar har teieplikt og er her for deg.

  • Legen kjem på skulen: Måndagar
  • Psykologen kjem på skulen: Torsdagar
  • Helsesjukepleiar er tilstades:
    • Norheimsund: fredagar frå 8.30-15.00
    • Øystese: torsdagar frå 8:30-14:00 
Skulehelsetenesta

OT/PPT

OT/PPT er eit team av rådgjevarar, spesialpedagogar og psykologar. Oppfølgingstenesta (OT) arbeider for ungdom i alderen 16-21 år som står utanfor vidaregåande opplæring.

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) samarbeider med skulane og lærebedrifter for å førebyggje fråfall og medverke til at elevar og lærlingar får ei best mogleg gjennomføring av vidaregåande opplæring.

OT/PPT

 

Klage på karakter

Elevar i vidaregåande skule har høve til å klaga på alle karakterar som vert ført på vitnemålet. Det er lurt å snakka med faglærar før ein klagar.

 evane sine rettigheiter og skulen sine plikter er fastsett i opplæringslova.

Elev- og lærlingombodet i Hordaland

Sigrid Isdal er elev- og lærlingombod i Hordaland fylkeskommune og jobbar for at du som er elev eller lærling skal få rettferdig behandling.

Lurer du på noko som gjeld skulekvardagen din? Er du usikker på kva som er innanfor? Kva som er greitt og kva som er ugreitt når du er lærling? Får du opplæringa du har rett på? Opplever du at noko er urettferdig?

Dette og meir kan du snakke med Sigrid om. Ho passer på rettane dine og informerer deg om ansvaret ditt. Ho har teieplikt! 

Profilbilde av Sigrid Isdal

Sigrid Isdal

Send e-post 40403145

Meir informasjon på www.hordaland.no/elev-og-larlingombod. Du finn ho også på Snap (Elombud) og på Facebook (Elev- og lærlingombodet i Hordaland).

Mobbeombodet

Hordaland fylkeskommune har eit eige mobbeombod som skal passa på at du har eit godt psykososialt miljø på skulen eller i lærebedrifta. 

Kva gjer mobbeombodet?

  • Snakkar med dei som treng råd eller støtte
  • Rettleiar om korleis du skal gå fram om du opplever krenkingar eller mobbing på skulen din
  • Arrangerer kurs for elevrådsstyre og elevråd
  • Kursar og rettleiar leiing og tilsette i skulen
  • Samarbeider med andre organisasjonar, som til dømes Elevorganisasjonen, Ungdommens Fylkesutval, skulehelsetenesta og så bortetter