Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

"Open dag ved Gulating Lagmannsrett, onsdag 8.11.

Open dag i Gulating Lagmannrett. Rettslæreelevane testar ut rettssalen.

Også dette året deltok rettslære-gruppa på open dag. Lagmannsretten gav oss innføring i strafferett og straffesaker. Elevane fekk prøve seg i rolla som aktor, forsvarar og meddommar.

Me vart kjent med ei reell sak frå Lagmannsretten: To jenter frå ungdomsskulen vart delvis ufrivillig med på køyretur i ein russebil, saman med tre gutar som var russ. Jentene vart køyrt bort frå skulen og etterletne ute i naturen med tape på hender og føter. Dei fekk også tilgrisa klær med egg og mjøl. Straffa dei tre gutane fekk var 45 dagar betinga fengsel med 2 år prøvetid. I tillegg måtte dei betale erstatning på tilsaman 9000,-kr. Straffa fekk store konsekvensar for den eine av gutane som var tenkt å studere i USA; med fengselsstraff på rullebladet fekk han ikkje opphaldsløyve der."

Rettsak i Gulating Lagmannsrett
Lagmann Per Jordal styrte rettsalen på open dag. Elevane prøver som som meddommarar.