Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helsefagklassen på studietur til Litauen

Hea i Litauen

9 elevar og 2 lærarar reiste på studietur til Litauen i slutten av april. Kvam herad er venskapskommune med Marijampole og i år feira Kvam vgs, avdeling Norheimsund og Marijampole sin vidaregåande skule (MPRC) 10 år med venskap.

Det er alltid kjekt å besøke MPRC og me blir svært godt tekne imot kvar gong. Elevane hadde felles aktivitetar, snakka engelsk med kvarandre og utveksla Facebook-adresser før me reiste frå skulen.

På besøk på gamleheimen, tidlegare generasjonsheim.
På besøk på gamleheimen, tidlegare generasjonsheim.

Me besøkte òg generasjonsheimen i Marijampole. Tidlegare har det vore både barneheim og gamleheim. No er borna for det meste i fosterheimar og generasjonsheimen blir difor bygd om til berre å huse eldre. Her òg blir me veldig godt tekne imot og får god innføring i korleis eldreomsorga fungerer i Litauen, og me møter ein del av dei eldre. Språket er utfordrande sidan få eldre snakkar engelsk, men me har på førehand lært nokre få ord på Litauisk. Kontakten er der og me kjem eit stykke med gode smil og ord som «labas», «viso gero» og «aciu».

På vitjing på skulen
På besøk på den lokale vidaregåande skulen.

Marijampole er ein liten by, så det er kjekt å kunne vere nokre dagar i hovudstaden Vilnius. På vegen køyrer me innom Trakai som er den historiske hovudstaden. Vilnius er ein koseleg by med ein vakker gamleby. Her går me litt i gatene, besøker bl.a. den store katedralen, klokketårnet på universitetsområdet og KGB-museet. Litt shopping blir det òg tid til.

Trakai
Turistar - Trakai

Siste kvelden koste me oss på ein sushi-restaurant. Takk for ein kjekk tur!

sushi siste kvelden.jpg