Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme

Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme

Fylkestinget i Hordaland vedtok 04.10.2017 Handlingsplan for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Eitt av tiltaka i planen er å gjere kjent ein rettleiar for korleis ein skal handtere situasjonar der ein møter personar som står i fare for å bli radikalisert.

Rettleiaren er utarbeidd av Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune i tett samarbeid med RVTS Vest (Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging – region vest). Politiet er også ein viktig samarbeids- partnar. Innhaldet i rettleiaren er delvis henta frå rettleiarar utarbeidd i andre kommunar og regionar samt regjeringa sin rettleiar.

Rettleiar