Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Besøk frå Stortinget

Venstrepåbesøk4.jpg

Fredag 5. april vitja stortingspolitikarane Guri Melby (Utdanningskomiteen) og Grunde Almeland (Familie- og kulturkomiteen) på Kvam vidaregåande skule. Begge to sit på stortinget for Venstre. Grunde, som sjølv har vore elev med Kvam vidaregåande skule, ønskte å visa Guri Hardanger. Guri ønskjer å vitja mange skular for å snakka med elevar og tilsette om kva som rører seg i skule-Norge. Kva er dei store utfordringane? Kva er det som fungerer godt? Kva skal ein skal satsa på og kva er krevjande?

Engasjerte elevar frå studiespesialisering og helse og oppvekstfag, Vg1 møtte politikarane. Saker som vart tekne opp var blant anna: valmoglegheitene innan programfag for studiespesialiserande, mange karakterar i norsk, lærlingplassar, fråværsgrensa, diktanalysar og skulefrukost. Andre ting som opptar elevane utanfor skulekvardagen var til dømes kollektiv transport og høve til å ta sertifikat lokalt. Debatten kunne nok vart mykje lenger om ein hadde hatt tid til det!

Besøk av stortingspolitikarar
Grunde Almeland og Guri Melby