Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

TAF-TIP

Opplæringa på TAF skjer i samarbeid mellom Knarvik vidaregåande skule og lokalt næringsliv, både privat og offentleg. Etter 4 år oppnår du dobbel kvalifikasjon: Både fagbrev og studiekompetanse med fordjuping i matematikk og fysikk.

Dei to fyrste åra er du elev, går tre dagar på skule og arbeider to dagar i bedrift. Dei to siste åra er du lærling med lærekontrakt. Tredje året er fordelinga mellom skule og bedrift som i dei fyrste, medan du er i bedrift 3 dagar i veka det siste året.  Etter 4 år avsluttar du opplæringa i bedrift med fagprøve.

Dei fleste bedriftene betalar alt skulemateriell, og i tillegg får du løn frå fyrste dag. Du vert tatt opp på grunnlag av karakterar frå ungdomsskulen og intervju i bedrift.

Nærare opplysningar kan du få ved å vende deg til skulen. Merk at du blir berre vurdert som søkjar dersom  du har dette kurset som 1. ønske. 

_DSC3075.jpg

 

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3 Timetall VG4
Matematikk 5 5 6 0
Naturfag 5 0 0 0
Engelsk 5 0 0 0
Norsk 0 4 4 6
Samfunnsfag 0 0 3 0
Historie 0 0 5 0
Kroppsøving 0 2 0 2
Fysikk 0 0 5 6
Kjemi 0 0 0 0
Programfag 8 12 0 0
I bedrift 15 15 15 23
Sum timetall per uke 38 38 38 37